Det var ein defekt hydraulikkslange som førte til driftsstansen.

Onsdag morgon ramla ferjelemmen på ferjekaia på Festøya i sjøen. Dermed vart ferjesambandet innstilt.

Måndag ettermiddag krasja ferja Aukra med ferjelemmen i Hundeidvika. Det medførte at sambandet Festøya - Hundeidvika vart innstilt. Onsdag morgon var dermed begge sambanda frå Festøya ute av drift.

I aggregathuset ved sida av ferjelemmmen var der ein stor oljelekkasje. Det flaut med olje overalt. Det var altså ein slange som sprakk.

Mesta på veg

Fjord 1 bad om at trafikantane nytta omkøyringa via Eiksundtunnelen og Hareid - Sulasund medan Festøysambandet var ute av drift.

Kl. 08.30 var det framleis bilar som kom til Festøya i tru om at ferja gjekk. Då dei fekk meldinga om at lemmen hadde falle i vatnet, reagerte dei med vantru.

Mange fekk med seg at ferja Festøya - Solavågen var stengt onsdag morgon, og køyrde til Hareid eller Sulesund. Frå Sulesund vart det meldt om ei kilometer lang kø.

Statens vegvesen si trafikkteneste kan du finne her.