Det er ikkje første gong at ein opplever skadeverk i ridehallen, og ein skal berre eit par veker tilbake i tid for å finne ruteknusing. I tillegg til å knuse ruter har vandalane tidlegare også rota søppel utover hallen, og teke med brus som stod inne i ridehallen.

– For fjorten dagar sidan vart eine ruta inne i hallen knust, og no er to til knuste. Søppel har vorte rota utover tidlegare, og då har det også vorte gjort skadar på vogner, seier Madsi Vinjevoll.

– Irriterande

I hestemiljøet er ein frustrerte over at ein må bruke midlar som ein kunne ha utvida tilbodet med til å ordne opp i skadane.

– Ridehallen har endeleg vorte nedbetalt, og vi har prøvd å spare pengar som kunne ha kome brukarane til gode. Desse midlane er vi nøydde til å bruke på å erstatte vindauga. Det er veldig kostbart for oss, seier Vinjevoll.

– Det er irriterande at vi må bruke dei få kronene vi har til dette, i staden for å kunne nytte dei til utstyr, seier Anja Sætre.

Saka er no meldt til politiet, og ein vurderer om ein skal ha overvaking i hallen.

– Vi vurderer også om vi skal låse av hallen. Problemet er at vi ikkje får opp porten når det frys på. Tidlegare har vi prøvd å låse av hallen, men då har personar skore i duken for å komme seg inn i hallen, seier Vinjevoll.

Dommarbuda

Skadeverket har truleg skjedd laurdag ettermiddag eller natt til søndag. Tysdag oppdaga ein også at eine ruta på dommarbuda var knust.

– Dommarbuda laga yrkesskulen til oss i fjor etter at vi betalte for materialet. Vi får ikkje brukt hallen slik vi skal når dette skjer. Om to veker skal det vere kurs her, og då må ting vere i orden, seier Sætre.

– Håpar dei ordna opp

I fjor opplevde hestefolket hærverk på vogner, men dette vart ordna opp. No håpar hestemiljøet at dei skyldige melder seg.

– Eg tykkjer at dei som har gjort dette kan finne seg noko kjekkare å styre med. Det hadde vore kjekt om dei skuldige ordnar opp, seier Sætre.

I ridehallen vart ei rute knust for to veker sidan, og denne helga vart to nye ruter knuste. Foto: Joachim Kroken Åsebø