Widerøe melder at alle avgangar frå Ørsta - Volda lufthamn er innstilt andre juledag. Også hos dei andre kortbanebaneflyplassane er flyrutene innstilt.

Årsaka er uveret som no byrjar å kome innover landet. Det er venta aukande vind utover ettermiddagen og kvelden. Sjølv stormsenteret slår inn mot Møre og Romsdal, men den kraftigaste vinden vil kome lenger sør. Det vert spesielt åtvara mot høge bølgjer som kombinert med høg vasstand kan gje utfordrande situasjonar.