Det fortel seksjonsleiar Steinar Vestnes på driftsseksjonen i Vegavdeling Møre og Romsdal.

Rasfare

Hjartåbergtunnelen var ikkje planlagt opna før i mars, og det er framleis arbeid i tunnelen, men førre veke kom det fleire steinar ned og trefte autovernet på strekninga. Søndag 16. februar kom det også mykje nedbør, og det vart teke ei avgjerd i samråd med ein geolog og folk med god lokalkunnskap, om at eksisterande veg måtte verte stengt grunna rasfaren.

Kvelden og natta vart brukt til rydding i tunnelen, og måndag opna Statens vegvesen for kolonnekøyring etter å ha fått førebels sikkerheitsgodkjenning frå Vegdirektoratet.

Opnar ikkje vegen

– Slik vil det vere fram til arbeidet i tunnelen er ferdig og Vegdirektoratet kan gi endeleg sikkerheitsgodkjenning. Vi opnar ikkje vegen forbi tunnelen igjen, når vi har eit trygt alternativ gjennom Hjartåbergtunnelen, seier Vestnes.

Han fortel at dei er svært glade for at trafikantane no kan køyre trygt mellom Volda og Kvivsvegen.

Det er pårekna ei ventetid på rundt 6-7 minutt for dei reisande grunna kolonnekøyringa.

For personbilar er det også mogleg å køyre fv. 43 gjennom Aldalen.