Saka handlar om bygging av nytt vegnett i området ved skisenteret i samband med at Statnett no byggjer for den nye 420 kV-lina på Hovdenakken, der det har kome ein stor transformatorstasjon.

Vegutbygginga i samband med dette er basert på ein vedteken kommuneplan. Opphavleg var det meininga at kommunen skulle vere utbyggjar, men Statnett har tilbode seg å koste og å byggje vegen, noko kommunen er særs nød med. Arbeidet er godt i gang men kan ikkje fullførast fordi det manglar ein avtale om grunnavståing frå to grunneigarar. Dei har ikkje kome til semje med Statnett om prisen for grunnen deira. Konsekvensen av dette er at kommunen kan måtte regulere området då kommunen manglar oreigningsheimel, og at den gamle tilkomsten må setjast i stand og brukast inntil vidare.

Krav

Ifølgje Statnett er kravet frå grunneigarane alt for høgt. Statnett har foreslått at erstatningane kan avgjerast gjennom eit avtaleskjøn, men dette ønskjer ikkje grunneigarane.

Ikkje heimel

– Per dags dato har verken Statnett eller kommunen heimel til å kunne ekspropriere grunnen. Statnett er klare på at vegen ikkje kan byggjast før nødvendig heimel til ekspropriasjon er i orden og eventuelt oreigning er gjennomført. Inntil dette er i orden må det etablerast ei mellombels løysing for å kunne nytte vegen fram til skisenteret. Dette går det fram av eit referat frå eit møte i kommunen. Gunnar Wangen, Svein Silseth, Malvin Fremmerlid, Stein Aam, Randulf Reite, Børje Heikkinen, Ole-Johan Erstad og Leif Arvid Vaaler, alle frå anten kommunen eller Statnett.

Reetablere

På møtet vart det konkludert med at Statnett reetablerer den gamle vegen som ein mellombels veg fram til nødvendige løyve/avtalar er i orden for å byggje vegen. Kommunen vurderer at dette tek 2–3 år.

– Løysinga er dårleg, men ein har ingen andre alternativ inntil ny veg er etablert. Kommunen må starte ein prosess med utarbeiding av reguleringsplan for å sikre heimel til ekspropriasjon av nødvendig areal, heiter det i skrivet.