Det skriv seksjonsleiar Einar Muren i eit skriv til FAU ved Sæbø skule.

FAU har bede om nokre svar på situasjonen for elevane ved Sæbø skule dersom skyssbåttilbodet på Hjørundfjorden vert redusert eller avvikla. Eit av spørsmåla knyter seg til symjeundervisninga.

I dag har Sæbø-elevane symjeundervisning på Bjørke, og vert frakta fram og tilbake av skyssbåten.

– Utan skyssbåt må eventuelt symjeundervisninga flyttast til bassenget ved Hovden skule, seier Muren.

Timeplanar

Vidare kan fjerning av skyssbåten gjere det naudsynt å leggje om timeplanane slik at elevane på nokre klassesteg vil få ein heil fridag annakvar veke.

– Dette vil diverre på stader med dei utfordringar som er i Hjørundfjorden, medføre at foreldre kan kjenne seg tvinga inn i eit tenestetilbod som SFO, seier Muren.

FAU spør også om kva som skjer dersom elevar vert sjuke, og ikkje kan skyssast heim.

– Det vil vere særleg utfordrande i Hjørundfjord, men det må likevel tilpassast dei kommunikasjonsutfordringane som til ei kvar tid er tilgjengeleg, seier Muren.

Tek ikke ansvaret åleine

På spørsmål om arrangement på kveldstid seier Muren at det er ei utfordring som Sæbø skule deler med relativt mange andre skular i fylket som har elevar som er avhengige av ferjetransport.

– Om det skal vere grunnlag for framhaldande skyssbåt i Hjørundfjorden er diverre avhengig av at drivar av skyssbåten har nok brukarar til at det vert funne økonomisk forsvarleg. Dette gjeld t.d. oppdrag frå folket i fjorden, næringsliv, kommunen, kyrkja m.v. Om få brukar båten, går det lett same veg som for lokalbutikkar. Det vert ikkje mogleg for kommunen å ta over det meste av ansvaret for å kunne halde oppe infrastruktur som færre nyttar, seier Muren.

Han avviser at det t.d. kan fraktast elevar frå Bjørke/Viddal til Sæbø skule for å halde oppe skyssbåten.

– Kommunen har valt å ikkje påleggje ein fjordskyss som foreldre ikkje ønskjer og finn tenleg, seier Muren.