– Ein stor stein har kome ned på vegen. Entreprenøren vår Mesta har sjekka fjellsida og funne ein fjellhammar som har lausna 4–500 meter oppe i fjellet. Mykje av denne ligg på ein bergflate oppe i fjellet. Det er difor ikkje trygt å ferdast på vegen, sa Kjell Haukeberg i Statens vegvesen på fredag då vegen vart stengd grunna rasfare.

Laurdag var Statens vegvesen sin geolog opp i helikopter for å sjekke fjellsida, og konklusjonen er at vegen vert stengd til over nyttår. Den største steinen som har losna er større enn ein lastebil ifølgje Sunnmørsposten.

- Vi har vore oppe og kika på det. Det har losna i 6-700 meters høgde. Og det er overhengande fare for at det vil kome ned meir. Undersøkinga viser at det ligg mykje og stor stein som kan rase ned på vegen, seier Haukeberg til avisa.

Haukeberg seier også at det er aktuelt å bruke helikopter til å vannbombe fjellsida om ikkje alle dei farleg steinblokkene kjem ned av seg sjølv.

Ingen er isolerte som følgje av vegstenginga.