Søndag 2. juni vert kampen om stortingsplassane starta på Sæbø. Toppkandidatar frå dei største partia vil møte opp for å blant anna diskutere to av dei mest høgaktuelle politiske sakene i vår region, nemleg sjukehusdebatten og debatten kring E39.

Fyrste- og andrekandidatar

Alle debattantane denne dagen er enten fyrstekandidat eller andrekandidat for sitt parti i Møre og Romsdal. Soleis vil alle ha ambisjonar om, og mulegheit for, å kunne representere både eige parti og fylket sitt på Stortinget etter valet. Deltakarane vil vere Jenny Klinge (Senterpartiet), Helge Orten (Høgre), Oskar Grimstad (FrP), Britt Giske Andersen (Venstre), Randi Walderhaug Frisvoll (KrF) i tillegg til dei lokale kandidatane, voldingen Ingrid Opedal som er førstekandidat for SV i fylket, og ørstingen Fredric Holen Bjørdal som er andrekandidat for Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal.

«Kvar skal vi ha sjukehus? Kva skal sjukehusa tilby av tenester? Og kvar skal vegnettet gå?» vil vere blant spørsmåla dei politiske debattantane må ta stilling til.

Hustad leiar debatten

Jon Hustad, journalist i Dag og Tid, skal vere ordstyrar. Han har tidlegare markert seg med ei klar røyst i politiske spørsmål, og fekk til dømes mykje merksemd gjennom debattserien «Harde fakta» på TV2. Introen til denne mykje omdiskuterte serien var ein animasjon som viste bygdeguten Jon som reiste til Oslo for å finne ut av kor alle pengane vart av. No reiser Hustad, som har vekse opp på Sæbø, tilbake igjen frå hovudstaden for å styre stortingsdebatten i bygda han vaks opp i: Kven skal vi sende til Oslo?

Jenny Klinge (bilete), Oskar Grimstad, Helge Orten, Ingrid Opedal, Fredric Holen Bjørdal, Britt Giske Andersen og Randi Walderhaug Frisvoll stiller til debatt under Hjørundfjorddagane.