Ottar Vartdal har ei suksessrik opprettshistorie bak seg, frå han starta Vartdal fiskeoppdrett i 1979 til i dag. Selskapet har i dag førti årsverk og omset for 141 millionar kroner. Det spesielle med Vartdalgruppa fiskeoppdrett er at dei sjølv styrer heile prosessen frå rogna vert kjøpt til laksen vert slakta og selt.

– Dei har kontroll på heile verdikjeda, noko som gjer at verdiauken av produktet vert under same paraply og same distrikt, sa ordførar Rune Hovde då han delte ut prisen.

– Vartdal har talent og teft, noko som er ein god kombinasjon. Resultatet vert slike verksemder som Vartdal har skapt og leier i dag.

I takketalen gav Ottar kommunestyret ei innføring i kva oppdrettsselskapet driv med, og om framtidsutsiktene.

– Vi har eit ønskje om å utvikle oss vidare. Prismessig er det no eit globalt prisskifte. Mykje tyder på at lakseprisane har heva seg frå eit lågt nivå til eit nytt sjikt, som gjer at produksjonskapasiteten på laks i verda nesten er oppbrukt. Men Noreg er av dei plassane som kan gje verda laks i framover.