– Vi er hundre prosent imponert over framsyninga “Margot får besøk”. Dette var god, gammaldags humor, og det opplever ein sjeldan no for tida!

Smilte

Anne Lillebø, Gunhild Dalebø og Hildur Karlsbakk smilte som sola etter at dei saman med eit fullsett Ørsta kulturhus laurdag kveld hadde opplevd suksessframsyninga “Margot får besøk”, der Ina Breivik briljerer i rolla som ålesundsdama Margot (86), ei særs fritalande, skarp dame som elskar swissrull og som har talegåvene intakt. Med seg har Ina Breivik Ørjan Liavåg som imponerer i heile seks roller.

Spikaren

– Eg har sett Margot-framsyninga to gonger tidlegare. Denne dama treff absolutt spikaren på hovudet, meiner Anne Lillebø.

Latteren sat laust i kinosalen frå start til slutt, og folk mora seg mykje over Margot sine skarpe kommentarar, og over figurane som kom på besøk, anten det var ingeniøren som har «polakkar frå Litauen» i arbeidsstokken, den tyske helsearbeidaren som skal sjekke om Margot er ved sine fulle fem og i stand til å bu heime, eller den indiske heimehjelpa Margot trur heiter Washthefloor. Og sjølvsagt Lasse, Margot sitt barnebarn, ikkje den skarpaste kniven i skuffen akkurat,  som er i pengeknipe, og som er på rømmen frå Radovan og torpedoen hans.

Og rosina i pølsa i showet var liket i frysaren som låg og venta på å verte opptint der dama låg på pakkar med grøne erter..

Ut ifrå responsen på showet er det ikkje bomskot å bruke omgrepet “hyklande morosamt” på “Margot får besøk”.