Mannen i 20-åra var heimehøyrande i Ulsteinvik. Bakgrunnen for hendinga er ifølgje politiet ei utruskapsepisode. Gjerningsmannen skal ha gått til åtak på mannen med ei flaske, så han vart påført store hovudskadar. Mannen vart send til Volda sjukehus, men vidare frakta til St. Olavs Hospital. Politiet fekk meldinga klokka 04.45 natt til tysdag.

Ein mann, også i 20-åra, er arrestert etter hendinga. Han er no sikta for lekamskrenking med døden til følgje. Mannen har fått oppnemnd advokat, og sit no i avhøyr hos politiet. Kriminalteknikarar er i gang med åstedsundersøkingar, og det vil verte gjort avhøyr av vitne og ei rundspørjing av naboar.

Politiet vil framstille den sikta mannen for varetektsfengsling. Dette vil truleg skje komande torsdag.