Årets haustferietur vert arrangert 10. – 14. oktober, og turen går til Mjuklia Gjestegard i Berkåk. Påmeldingsfristen er 9. september.

Målet med turen er at familien skal få ei ferieoppleving saman. Og kanskje kan ein skape nettverk med andre familiar i same situasjon.

Målgruppe

Målgruppa er familiar med barn i barneskolen, i alderen mellom seks og tretten år. Det er nok at eitt av barna i familien er i denne aldersgruppa.

Alle utgifter vert dekte av Røde Kors, og det blir sett opp gratis busstransport, for dei som vil nytte seg av det. Reiseleiarar og frivillige frå Røde Kors er med på turen.

Røde Kors vender seg til det lokale hjelpeapparatet for å kome i kontakt med familiane. Privatpersonar må ta kontakt med hjelpeapparatet for å søke.

Meir informasjon finst på nettsida rodekors.no/ffa.