Sperregjerda er flytta og parkeringsplassen ved Holmegata er no klar for bruk gjennom vinteren.

Det melder Ørsta kommune på si heimeside.

Det må eitt lag til med asfalt, men det vert ikkje før til våren.

Foto: Ørsta kommune

Det er framleis anleggsarbeid i gangvegen så vi ber alle vise omsyn til anleggsarbeidet og sperringane. Gatelysa er ikkje på plass enno, så plassen er inntil vidare mørk.