Det har kome betydeleg med snø i fjella dei siste dagane, og meir snø er varsla både 1. og 2. juledag.

Varsom.no melder faregrad 3, betydeleg snøskredfare i heile distriktet måndag og tysdag. Generelt er det anbefalt å unngå skredterreng. Ferdsel i slikt terreng krev solid kunnskap, erfaring i ruteval og evne til å identifisere skredproblem.

Ved faregrad 3 kan skred treffe enkelte skredutsette vegar og ein sjeldan gong busetnad.

Mykje snø

Frå måndag ettermiddag er det venta lokalt mykje snø. I innlandsområda er det venta 10 til 30 cm på 24 timar. I fjellet er det venta meir snø.

Snøvarselet gjeld for delar av Nordfjord, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.