– Bokstavlæring er nykelen til å knekka lesekoden for born. Det å kunna lesa enkle ord bygger grunnmuren for leseferdigheiter og ordforråd, seier professor Hermundur Sigmundsson ved NTNU til Nynorsk pressekontor.

Han er professor i biologisk psykologi ved Psykologisk institutt og har kunnskap om korleis skrive- og leseferdigheiter heng saman.

– Kognitivt sett, bør ein læra å skriva tekst frå fyrste dag, seier han.

Manglar forsking

Professoren meiner at Unesco -rapporten som kom ut i fjor er eit varsku om ikkje å sleppa teknologien for lett til for dei yngste borna når dei byrjar på skulen.

Kort fortalt konkluderer rapporten med at smarttelefonar og annan teknologi berre bør brukast i klasseromma når det gagnar læringsutbytet.

– Den digitale revolusjonen har eit potensial som ikkje er til å måla, men på same måte som ein har åtvara mot å bruka han for mykje i samfunnet, må me òg retta tilsvarande merksemd mot korleis han blir brukt i utdanninga, seier generaldirektør Audrey Azoulay i Unesco i rapporten.

– Tekstskaping får fram tankar og kjensler. For meg er det ingen tvil. Unesco-rapporten stemmer med alt me veit frå forskinga. Me har enorme nervenettverk i fingrane og hendene. Det viser seg at me også hugsar ting betre når me skriv for hand, seier professoren.

Heng i hop med lesing

– Det går ikkje an å berre bruka digitale hjelpemiddel. Det er viktig for små born å teikna og fargelegga, og det er ein del av oppveksten. Men no er det som om me mistar noko på vegen, og eg er oppteken av forskinga som viser at dess meir teknologi ein tek inn i skulen, dess meir aukar skilnadene mellom elevane.

Den største bekymringa til Sigmundsson er at gapet aukar mellom dei elevane som får hjelp og støtte med skulearbeidet heime og dei som ikkje får det.

– Det er den største utfordringa me har i norsk skule. Me har gløymt grunnleggande ferdigheiter. 27 prosent av norske ungdommar kan ikkje lesa godt nok. 34 prosent av dei er gutar. Viss teknologi gjer at dette gapet kan blir større, så er signalet som Unesco sender både bra og viktig.

Han trur dette kan vera noko av forklaringa på at Noreg har gjort det gradvis dårlegare i Pisa-undersøkinga dei siste åra. Utdanningsdirektoratet registrerte i 2022 ein betydeleg nedgang ferdigheitene i lesing, naturfag og matematikk frå 2018. Den norske nedgangen var større enn i dei fleste andre landa me samanliknar oss med, altså OECD-landa.

Forskar Camilla Fitjar har sett på korleis handskrifta til born i fyrste klasse utviklar seg i ein stadig meir digitalisert kvardag, både heime og på skulen. Etter forskingsprosjektet var ferdig, såg det ut til at elevane tykte at det var lettare å skriva bokstavane som stod fyrst i ord. Foto: Frank May / NTB / NPK

Jamna ut skilnaden

Sigmundsson fortel at på den litle øygruppa Vestmannaeyjar, som ligg utanfor sørkysten av Island, har dei lukkast med å jamna ut skilnadene mellom elevane når det gjeld skrivedugleik.

– Å utvikla skriveferdigheiter krev mykje øving, målretta trening og oppfølging. Me bør legga til rette for kartleggingar av kvar enkelte elev for å sjå korleis det går med dei og gje dei riktige utfordringar i forhold til ferdigheiter.

Og det var nettopp det øybuarane gjorde i skulen. Elevane fekk ein meir tilpassa skulekvardag med mellom anna meir fysisk aktivitet ute og ein lidenskapstime. I den fekk dei sjølve bestemma kva dei ville jobba med innan ulike kategoriar som teikning og treskjering.

– Dei fekk lov til å teikna ein drake eller ein bil, og så skulle dei prøva å skriva ei historie til det. Me har enormt god erfaring med å gje elevane lov til å ta arket, og særleg frå dei som slit med skrifta frå før.

Øving gjer meister

Lektor i lesevitskap Camilla Fitjar ved Lesesenteret i Stavanger, som høyrer til UiS, har forska på temaet og seier at ein ofte blir god på det ein øver på.

Fitjar har skrive ei doktorgradsavhandling med utgangspunkt i kva som skjer med handskrifta når me i større grad brukar digitale hjelpemiddel i kvardagen. Deltakarane i forskingsprosjektet hennar var elevar i fyrste klasse på barneskulen.

– Ein lærer å sykla som barn, men så tek gjerne bilen over, og då kan det vera trått å koma i gang med syklinga igjen. Men av og til er det praktisk å heller ta bilen. Det kjem an på kva ein skal, og begge delar må ein trena på for å halda ved like.

Analogien overfører ho til handskrifta.

Reiskap for skjønnskrift

Når ein ser på handskrifta til born på forskingsnivå har ein i stor grad lagt vekt på kor estetisk pene bokstavane er, og ikkje kor lang tid dei har brukt på å skriva dei.

Dette var noko av det Fitjar såg nærare på og måtte mellom anna utvikla eit verktøy. Verktøyet samanlikna rørslene i fingrane og mønstra på bokstavane då borna skreiv.

På den måten kunne ho studera dei rette linjene og kurvene i kvar bokstav. Fitjar seier at ein til dømes ikkje kan samanlikna det å skriva bokstaven L med bokstaven M, fordi rørslene i handa er for ulike.

Ord var lettare

Ved slutten av fyrsteklasse fekk ungane øva på å skriva diktat med enkle ord. Det viste seg at dei skreiv bokstavar som stod for seg sjølv dårlegare enn når dei stod saman i ord i diktatet.

– I forskinga antek ein at det å skriva lengre ord krev fleire kognitive ressursar, og at dette går ut over motorikken. Borna skreiv bokstavar fyrst i orda med betre flyt enn dei som stod åleine.

Så kva betyr det? Fitjar seier at det mest essensielle med det heile er å hjelpa dei små inn i skriftspråket. Ho meiner at det må finnast andre måtar å gjera det på enn å la elevar skriva bokstavar 20 gonger etter einannan på ei linje.

– Éin måte å gjera det på kan vera å gi dei skriveoppgåver der dei kommuniserer med kvarandre. Me tenker på læring som noko sosialt, så i staden for at læraren seier at «den bokstaven ikkje var fin, den må du øva meir på», kan han eller ho seia at «medeleven din slit med å lesa brevet. Hellingane på ein H og ein A kan skapa forvirring».

Men forskinga viser ikkje noko svart-kvitt svar. Camilla Fitjar seier at læreplanen krev at elevane skal læra å skriva både for hand og på tastatur, og at dei må få instruksjonar og trening i begge modellane.

(©NPK)