Kokk Trond Urkegjerde tok i mot gjengen til ein lærerik kursdag på Ørsta vidaregåande skule fredag 12. januar.

Det var Ørstaheimen ved Mariann Vedvik som kontakta Norsk cøliakiforeining (NCF) her i fylket for å få til eit matkurs for dei tilsette ved dei kommunale institusjonane. På kurset vart det laga både grov og fin gjærbakst i fleire variantar, havrekjeks, brownieskjeks, donuts, pizza og tre typar varmrettar med brun og kvit saus laga ifrå botnen av.

Deltakarane gav uttrykk for at dei hadde fått lært mykje nytt om det å få til både velsmakande og sunn kost for dei som treng glutenfri mat. I tillegg vart det gjeve råd og tips om både blandingar av ulike glutenfrie mjølsortar, og dette med variasjonstips for å få dei glutenfrie deigane til å halde seg saman – og ikkje verte smuldrete.

Sausar

Bakeleiar Gerd Tennøy ifrå cøliakiforeininga tok turen ifrå Skodje, og ho viste deltakarane korleis ein lagar bruning til brune sausar. Ein av kursdeltakarane tok utfordringa med å lage kvit glutenfri saus etter oppskrift ifrå NCF. Det vart baka mykje og variert. Til slutt på kurssamlinga fekk deltakarane gå inn i ein festdekka skulerestaurant med fersk glutenfritt buffetbord.

– Det er ikkje kvar gong vi arrangerer kurs i NCF at vi avrundar kursøkta i ein restaurant, men det er fole kjekt dei gongane vi samarbeider med Ørsta vgs., så får vi det. Vi i cøliakiforeininga kjem snart tilbake hit for å ha glutenfritt kurs i lag med Ørsta vgs. og Ørsta ungdomsskule. Der har vi hatt eit langvarig og godt samarbeid i fleire år, der elevar i arbeidslivsfaget får kursing i glutenfri matlaging saman med elevane på vidaregåande. For NCF er det ei takksam oppgåve å gje skulering, når ein har så lærevillige deltakarar og ei kommunal leiing som satsar på god diettmat på institusjonane og også på skulering av elevar, seier bakeleiar Gerd Tennøy frå Skodje.

– Det er fantastisk at vi kan få til noko slikt som dette. Det er ein kjempeflott, sosial og ikkje minst viktig aktivitet som skjer her mellom vidaregåande, grunnskule og kommunalt næringsliv. Mykje inspirasjon og kunnskap å hente på desse samhandlingane, fortel kokk og faglærar Trond Urkegjerde.

A-ha oppleving

Mariann Vedvik ifrå Ørstaheimen oppsummerer kurset på følgjande måte:

– Vi fekk ei a-ha oppleving på kurset, der vi fekk sjå og kjenne på konsistensen til fleire ulike deiger. Dette at vi faktisk kan bake ut deiger på same måte som kveitedeiger, og at vi i nokre samanhengar kan erstatte maizenamjøl med blått jyttemjøl, som er meir næringsrikt, er nyttig lærdom. Elles er vi takksame for at vi fekk ha kurset på Ørsta vidaregåande med dyktige fagfolk ifrå både vgs. og NCF. Eg har fått berre gode tilbakemeldingar frå kurset.

Arrangør