– Den generelle samfunnsutviklinga med utbygging og vekst i mellom anna bustadmarknaden, næringslivet, landbruket, infrastruktur, er ein trugsel for kulturminne og -miljø. Ørsta kommune legg opp til ei omfattande utvikling i Ørsta sentrum, Hovdebygda og kring Ørstafjorden. Vi har difor behov for ein plan med prioriteringar av kva lokale kulturminne som vi skal ta vare på for framtida, og på kva måte dette skal gjerast, skriv planavdelinga i Ørsta kommune i planprogrammet, som for tida er ute på høyring.

Ein kulturminneplan er viktig for å løyse ut tilskot til vedlikehald, restaurering og formidling av kunnskap om kulturminne og kulturmiljø, ifølgje kommunen. Formannskapet vedtok i haust å starte opp arbeidet med planen.

Alle spor etter menneskeleg aktivitet frå fortida er å rekne som kulturminne, men ikkje alle desse spora har ein slik verdi at det er påkrevd å ta vare på dei. Nokre kulturminne har likevel kvalitetar som gjer dei viktige og verneverdige. Planen skal gi svar på kva kulturminne som oppfyller desse krava.

– Verdien kan vere knytt til unike eller særeigne aspekt ved kulturminna, men det kan også vere viktig å bevare kulturminne som er representative for ein bestemt periode eller eit geografisk område. Kulturminne som er særleg sårbare for nedbryting og øydelegging kan også vere gjenstand for vernetiltak, skriv kommunen.

Fylkeskommunen har utarbeidd ein regional delplan for kulturminne, som inneheld ei oversikt over regionale og nasjonale kulturminne i Ørsta. Den nye planen skal difor rette merksemd mot kulturminne av lokal verdi.

– Det er første gongen vi utarbeidar ein kulturminneplan for Ørsta kommune. Ved seinare planrevisjonar vil det kanskje vere behov for å «spisse» tilnærminga.

Grunnlaget for planen vil vere eksisterande registreringar av kulturminne i kommunen, i tillegg til informasjon frå  lokalhistoriske litteratur.

– Arbeidet med planen vil mellom anna involvere historielaga i kommunen slik at vi både sikrar ein best mogleg kunnskapsbase for arbeidet med planen, og dessutan opnar opp for medverknad i planprosessen.