Skjåstaddalen frilynde ungdomslag inviterer til konsert med Stig UIv laurdag 18. oktober.

Stig Ulv er på lanseringsturnè med plata «Strengeklimpring».

– Det set sine spor å vekse opp i Ørsta, Ivar Aasen si heimbygd, som ligg klemt mellom mektige fjordar og majestetiske fjell på Søre Sunnmøre. Det er truleg her, i skjeringspunktet mellom folk og natur, at den har oppstått, Stig Ulv sitt distinkte varemerke: Den uimotståelege klangen, seier Perry Bjørke i Skjåstaddalen UL.

Det var denne klangen som fekk Magne Furuholmen til å avbryte han midt under ein konsert i haust for å få med seg ein signert CD.

Stig Ulv spelar ikkje på gitarar, han får dei til å snakke. På nynorsk sjølvsagt. Med utsøkt gitarteknikk, ein reinskåren følelse for harmoni og melodi, og ein lyd som ber tonar over hav.

– Dette er ikkje akkurat festmusikk, seier Stig Ulv sjølv.

Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldan som eit friminutt frå stress og mas.

Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, inkje mindre.

Albuma «Strengetonar» og «Klimprar» finn du på WiMP, Spotify, iTunes, CD og vinyl.