Ørsta kommune er Noregs 134. største barnekommune. Det er eit stykkje unna toppen, men like fullt godt opp på øvre halvdel. Då er alle dei 428 kommunane i landet talde opp etter del barn mellom 0 og 17 år i forhold til det totale innbyggjartalet. Volda er på ein 150. plass på landsoversikta.

Mengda barn

Det viser tabellar frå Statistisk sentralbyrå. Dei fortel oss at det per 1. januar i år var 2.401 barn busett i Ørsta kommune, noko som utgjer 23 prosent av befolkninga på dette tidspunktet. I Volda kommune er det 1.997 barn under 18 år, noko som her er 22,6 prosent av den totale folkemengda i kommunen.

I heile Noreg finst det 1.122.897 barn, som er 22,2 prosent av alle bebuarar i landet.

Største ”gubbekommune”

I Møre og Romsdal bur det no 58.209 barn, som er 22,4 prosent av alle som er busette i Møre og Romsdal. Den kommunen med størst del barn i Møre og Romsdal, er Giske – som for tida har ein del på 26,6 prosent. Deretter følgjer Skodje kommune med 25,7 prosent. Den aller største ”gubbekommunen” i Møre og Romsdal er Smøla, kor delen barn berre er på 19,1 prosent.

Største barnekommune

Ein titt på landsoversikta viser at Rennebu kommune i Rogaland får æra av å vere Noregs største barnerike kommune, med ein del på heile 28,3 prosent. På andreplass er Klæbu i Sør-Trøndelag med 28 prosent. Gjesdal i Rogaland tek bronsen. I motsett ende av tabellen ser vi at Beiarn kommune i Nordland oppheld seg. Her er delen berre på 15,7 prosent.

Om vi ser på fylka i Noreg, så finn vi at delen barn er størst i Rogaland, Akershus og Agder-fylka. Fyrstnemnde er oppe i 24,6 prosent. Minst del er det i Oslo, samt Hedmark og Oppland.

Utviklinga siste 20 år

Vi har teke ein titt på tilsvarande tabell for 20 år sidan, og ser at det var større del barn tilbake i 1993. Den gongen var 23 prosent barn under 18 år i Noreg. Altså har denne delen gått ned 0,8 prosentpoeng.

Dette er ulikt rundt omkring. For Ørsta sin del, så kan vi slå fast at delen barn var på heile 25,9 prosent i 1993. Det vil seie at delen har gått ned so mykje som 2,9 prosentpoeng her. I Volda kommune har delen og gått ned 2,9 prosentpoeng.