I 2013 selde Bygg1 kring 75.000 dører. Og i fjor auka bedrifta salet med 18 prosent. Og salet gjekk frå 69 millionar i 2012 til 81 millionar kroner i fjor, eit år som generelt var eit svakt år med nullvekst for bygningsbransjen. Bedrifta si botnline var solid.

– Årsaka til veksten er samansett. Vi tok marknadsdelar og inngjekk nye kjedeavtalar. I tillegg var det slik at dei kjedene vi samarbeider med hadde vekst. Vi hadde også ein god auke i kundemassen i fjor, fortel dagleg leiar Jan Runar Holsvik.

Han er lokal medeigar i bedrifta saman med salssjef Egil Skar. Dei andre eigarane er Leigland Bygg AS, Florvaag Bruk Holding AS og Nordek AS.

Auke kvart år

Den tretten år gamle dørgrossisten har hatt jamn auke i salet sidan starten i 2001, og arbeidsstaben, som i dag utgjer tolv personar, er auka med to siste åra. Med kontor og lager på Rystelandet syter dei tilsette for at 500–600 kundar over nær heile landet får inner- og ytterdører etter ønske. Bedrifta har avtale med elleve kjeder. Salet til dei utgjer kring 70 prosent av omsetninga. Resten av dørsalet går til frittståande forhandlarar.

I gjennomsnitt fire trailerar hentar dører på lageret i Ørsta kvar veke, og to-tre bilar frå Bring kjem dagleg til Rystelandet for å hente dører.

Latvia

Bedrifta har eigen fabrikk i Latvia som produserer formpressa innerdører og karmar. Denne bedrifta står for 40–45 prosent av Bygg 1 sin produksjon. Resten vert laga av bedrifter i Finland, Sverige og Noreg.

For få år sidan utvida bedrifta lageret på Rystelandet med 1.500 kvm. Større lagerplass betydde mellom anna at bedrifta fekk endå meir rasjonell ekspedering av varene som igjen betyr raskare levering. Og her er ein inne på suksessoppskrifta for bedrifta: Sørvis og leveringstid. Medan konkurrerande bedrifter kan bruke ei veke på å levere varer, garanterer Bygg1 at kunden har varene etter eit par dagar, og ofte etter berre ein dag viss bestillinga kjem i rimeleg tid.

– Konkurransen er knallhard, difor er det så viktig med leveringsdyktigheit og kundeoppfølging. Eg vil påstå at det å levere raskt og sikkert er endå viktigare enn prisen, seier Holsvik. Bedrifta har bevis på at strategien lukkast: Siste tre åra har Bygg1 vore på pallen i kåringa «årets bedrift», og ein gong gjekk det heilt til topps for bedrifta som i nynorskland marknadsfører alt dei skriv på nynorsk, sjølv om nokre austlendingar ler litt av dette..

Finsk design

Bygg1 får endå ein fot å stå på no når dei også satsar på den eksklusive marknaden.

– Vi lanserer ytterdører av finst toppdesign, dører med eineståande isoleringsevne. Dette er eit stort steg for oss, og vi er spente på responsen, seier salssjef Egil Skar.

Bygg1 er nøye på at kvaliteten skal vere på topp, og dei driv produkttesting på Rystelandet, der har dei montert nokre ytterdører mot den vêrharde sjøsida.

Leiinga ser positivt for tidene framover.

– Vi har ein god start i 2014. Sjølv om svekka kronekurs gjev utfordringar for oss som importbedrift, har vi budsjettert med ein beskjeden vekst i år. Med åtte prosent marknadsdel har vi stort potensial til vidare vekst og utvikling. og skal få det til vidare også takka vere fantastiske tilsette, seier Holsvik.

Budsjettert

Bedrifta har i år budsjettert med seks prosent auke på bakgrunn av signala frå bransjen, der det framleis er eit stukke fram til gulltidene innan den norske byggmarknaden.