Kenneth Veddegjerde frå Solavågen er ein av mange yrkessjåførar som har sett namnet sitt på Fefast AS sine underskriftslister. Der vert det bede om at Fefast vert vald som trase for E39 på strekninga frå Volda til Ålesund.

Yrkessjåfør Kenneth Veddegjerde driv kaffisørvis på Søre Sunnmøre, og køyrer eit par dagar i veka både gjennom Eiksundsambandet og med ferja i Festøya. Veddegjerde har eit klart syn på valet mellom Hafast og Fefast.

– Då eg bur i Solavågen er sjølvsagt Fefast det eg går for. Som lokalt samband vil det vere svært enkelt og praktisk å ha ei bru over fjorden, slik at eg og familien t.d. kan reise i juleselskap hjå svigermor mi i Ørsta, og vite at vi også kjem oss heim att, same kva klokka er, seier Veddegjerde. Han er gift med Ørsta-tausa Marte Jelle.

Kenneth Veddegjerde er skeptisk til at Eiksundtunnelen skal kunne nyttast som stamvegsamband.

– Vert Hafast valt, må ein nok byggje ny tunnel under fjorden, vurderer Veddegjerde.

Draumar

Fefast As har sett inn ein offensiv no like før avgjerda om stamveglina vert teken. Fefast meiner det er viktig å lytte til dei som brukar vegane mest.

– Næringslivsleiarar og ordførarar har våte vegdraumar for regionane sine. Men dei ser ut til å gløyme ei gruppe i debatten rundt E39: Dei som har vegen som arbeidsplass, dei som nyttar vegen som transportåre, dei som må raskast mogleg fram om dei og deira arbeidsgjevarar skal kunne leve av yrket sitt, og dei som får Noreg til å henge saman, seier Karen Longva Buset i Fefast sitt styre.

Ho fortel at Norsk Lastebileigarforbund reagerte på at dei ikkje vart inviterte til møtet med samferdselsministeren i Ørsta 13. januar i år.

– Det vart eit nytt prov på at i all politikken og hestehandlinga gløymer vi dei som har vegen som arbeidsplass. Då meiner eg ikkje dei som pendlar til jobb. Pendlarar skal ikkje halde seg til køyre- og kviletider og korte leveringsfristar. Eg tenkjer i staden på dei som til dømes transporterer gods frå Trondheim til Stavanger og vidare. Dei fortener ein trygg og god veg, og vi veit at bratte stigningar og tunnelar spesielt, er ein trussel for tryggleiken, seier Longva Buset.