Når folk snart tek i bruk det nye legesenteret i Dalevegen, kjem dei til Vallamarka.

Det er nemleg namnet på legesenteret som straks er klar for bruk. Rådmannen gav ordførar Stein Aam oppdraget med å finne eit eigna namn på nybygget.

– Då rådførte eg meg med lokale namneekspertar. Eg hadde valet mellom Vellemarka og Vallamarka. Ifølgje dei faglege råda er det Vallamarka som vert det rette namnet ut ifrå eit historisk perspektiv, og slik vert det, fortel ordføraren.

No vert det altså to namn med «marka» i seg i same område: Bakk-Ola-marka – og Ørsta sitt flunkande nye legesenter Vallamarka. Like ved ligg Dalevegen (bustadane for unge funksjonshemma). Hugs det drosjesjåførar og andre: de skal ikkje til legesenteret - men Vallamarka.