Slik siterer seksjonsleiar Helse og velferd Knut Åmås ein person som har levert bekymringsmelding om uhaldbare støyforhold kveld, og særleg natt, for bebuarar i Webjørn Svendsengata.
– Når vi inviterer folk til sentrum, då må her også vere leveleg
Familiar vurderer å flytte grunna nattebråket
Personen har presisert at det ikkje primært handlar om stor fart, men bråk grunna frieksos, høg musikk frå opne bilvindauge etter passering av gatehjørnet, og «oppgassing» i gata austover.
– Melder dette til «helse» fordi dette må vere helseskadeleg for dei som bur der. Ber om hjelp til at fleire tek tak i dette i samarbeid med politiet. Vert ser forholda i helgene frå fredag kveld, skriv Åmås i eit notat til Ørsta kommune.