Ho trivst best når ho får stå i ei grøft med hakke eller spade. Førebu nye blomsterbed eller drenere mellom svaberga i hytteparadiset ved Kjeldsund. Det er god terapi. Det beste som finst.

Beret Melle (68) tek imot meg i heimen i Prestemarka. Hit flytta ho og Atle for fem år sidan. Heimen er pynta til jul, det sprakar i peisen og vakker kunst prydar veggane. Nysteikte aniskringler og kaffi står klare på bordet.

Beret Melle, f. Djupvik, vart fødd i 1949 på Leikong i Herøy. Ho var nest eldst i ein søskenflokk på sju. Som treåring flytta dei til Ørsta, og faren starta opp Djupvik konfeksjon på Ose. Fabrikken vart flytta til Herøy tidleg på 60-talet, og som 15-åring flytta Beret då tilbake til Leikong. Etter sluttført realskule der, reiste ho til Volda og gjekk økonomisk gymnas. Der møtte ho Atle. I år har dei vore kjærastar i 50 år, og i snart 48 av desse åra har dei vore gifte. Dei har fått tre kjekke jenter, og har no også åtte barnebarn.

Beret tok til i jobb straks etter at ho var ferdig med gymnas. Ho jobba der Atle studerte, og både i Bergen, Stavanger og på Stranda har familien budd og arbeidd. I 1976 kom dei tilbake til Ørsta og flytta inn i Atle sin barndomsheim. På Stranda dreiv ho barnehage i regi av Husmorlaget. Planen var å ta vidareutdanning som førskulelærar, men ho måtte ha eit års praksis først, og det klarte ho ikkje å få til. I staden vart det eit års vikariat ved Trygdekontoret, og etter vikariatet fekk ho fast jobb som saksbehandlar i 1977.

Trygdesjef

Vikariatet ved Trygdekontoret var starten på ein lang arbeidsdag innanfor trygdesystemet. Ho var saksbehandlar i Ørsta frå 1976 til 1989. Då fekk ho tilbod om jobb som trygdesjef i Ulstein. Der var ho i fem år, før ho tok over som trygdesjef i Ørsta etter Sigurd Myklebust. Dette var i 1994. Trygdesjef var ho fram til 2007. Den siste trygdesjefen i Ørsta. Då vart det omskifte i trygdesystemet. Beret vart NAV-leiar, ein jobb ho hadde fram til 2010. Beret var med og bygde opp Helfo og ho var koordinator for alle NAV-leiarane på Søre Sunnmøre. Både før og etter denne store trygdereforma var dagane ekstra lange, gjerne 12–14 timars arbeidsdag. Nye system skulle takast i bruk, nye oppgåver skulle løysast, og fleire arbeidsmiljø skulle samlast på ein stad. Dette gav ekstra utfordringar, men sjølv om dagane var lange og utfordringane stod i kø, likte Beret seg.

– Den rivande utviklinga gav også stor arbeidsglede. Stor arbeidskapasitet og eit stabilt godt humør har nok hjelpt til i travle dagar. Det var spennande å sjå at ting etter kvart fungerte. Og eg hadde tankar om at denne jobben ville eg følgje opp så lenge eg kunne.

I tillegg til jobben som trygdesjef, var Beret også med i fleire styre, og ho underviste studentar ved Høgskulen i Volda om folketrygd og velferdsstaten. Ho orienterte ofte i lag og organisasjonar på kveldstid om ulike trygdeordningar, og så følgde ho sjølvsagt opp borna og aktivitetane dei var med på.

Små hendingar

– Det er utruleg korleis små hendingar kan endre eit heilt liv. At eg skulle gjere karriere i trygdevesenet var aldri med i planane mine. Det vart likevel ein spennande arbeidsplass, og eg har gledd meg kvar dag til å gå på jobb, seier Beret.

Ho innrømmer at det vart lange arbeidsdagar, spesielt i perioden som NAV-leiar. I løpet av ein 10-årsperiode tok ho også høgskuleutdanning, tilpassa behova som jobben kravde.

– Deltidsstudium i kombinasjon med full jobb var hektisk, men utruleg kjekt og lærerikt. Det vil eg verkeleg anbefale alle dersom dei har moglegheit til det. Du får ei ekstra god forståing for problemstillingane når du kan kombinere teorien med det praktiske på denne måten.

Livet vart snudd på hovudet

Men så vart livet endra. I 2010 vart brått alt snudd på hovudet. Kroppen sa stopp, og Beret fekk etter kvart konstatert at ho hadde utvikla ein autoimmun sjukdom, kalla ITP (Immunmodiert trombocytopeni).

– Eg hadde kjent at eg var trøytt og energilaus, men eg gjekk sjølvsagt på jobb likevel. Du kan ikkje berre vere heime frå jobb. Det var mykje som skulle gjerast.

Det enda med akuttinnlegging på Volda sjukehus. Beret rosar lækjarar og helsepersonell som tok imot henne, fann ut kva som feila henne og gav henne rett medisin. Sakte men sikkert kom ho seg på beina igjen, men ikkje på same nivå som før sjukdomen. Ho måtte ta ei avgjerd. Ho kunne ikkje ha ein leiande jobb utan å kunne stå i den 100 prosent, og Beret skjøna at ho no måtte ta vare på helsa si på ein betre måte. Jobben som NAV-leiar vart sagt opp, men ho heldt fram som saksbehandlar i redusert stilling fram til 2014. Alle styreverv og tilleggsoppgåver vart avslutta. Beret starta ein ny epoke av livet. Ho var blitt 65 år, og bestemte seg for å la helsa og familien kome først. Tid til barn og barnebarn, rekreasjon på hytta ved Kjeldsund, utanlandsreiser saman med Atle og turar i skog og mark.

– Etter kvart som eg kom i betre fysisk form, tok eg til å gå turar opp i Skåla. Sist sommar dreiv eg med intervalltrening opp bakken (gjekk og sprang om einannan), og kroppen tok til å fungere og respondere på treninga. Ei utruleg god kjensle, når du har vore heilt i kjellaren.

Ho og Atle passar gjerne barnebarn, og det inneber også ofte ferskt bakverk og vasking for døtrene.

– Det gler meg å ha tid til å bake og vaske utan stress, enten det er heime eller når eg vitjar døtrene og barnebarna. Faktisk så likar eg det! Dei har det så travelt dei unge, ler ho.

– Og det er kjekt å kunne hjelpe dei innimellom. Eg hugsar godt kor eg sakna at nokon gjorde noko slikt for meg i den meste travle småbarnsperioden.

Som lyn frå klar himmel

Når du trur at livet har kome på skinner igjen, og alt ligg til rette for gode dagar framover, skjer det på nytt. Etter ein vanleg mammografikontroll i Ålesund, ringer dei og seier ho må kome til ny time. Dei har funne ein kul, og den må fjernast.

– Det kom som lyn frå klar himmel, fortel Beret.

– Ingen i familien har hatt brystkreft. Det var ikkje i tankane mine at noko slikt kunne dukke opp. Det var tungt å fordøye, men optimist som eg er, veit eg at dette også går bra. Eg er nok skrudd saman slik at eg ser løysingar, snarare enn at eg krisemaksimerer.

Ho fekk fjerna kulen og føler seg heilt fin, men analysar viste at det var ein aggressiv form for kreft, og sjølv om det ikkje er spreiing, må ho ha «full pakke» med behandling, cellegiftkurar og deretter stråling og hormonbehandling.

– No skal eg ha den tredje cellegiftkuren før jul, og så er det berre ein igjen, seier ho optimistisk.

Ho blir dårleg av cellegifta, og ho har mist håret. Ho må passe seg for ikkje å bli smitta av sjukdom, sidan immunforsvaret er i dårleg forfatning. Likevel fokuserer ho på dei lyse sidene. Gir ros til helsepersonell i Volda og Ålesund, og til frisøren som ordna med den fine parykken ho brukar.

– Eg ser på dette som ein transportetappe fram til eg er heilt frisk igjen til våren. Då blir det intervalltrening i Skåla igjen, og graving og planting i hytteparadiset. Fleire turar til utlandet skal det bli, og barnebarna skal få sitt. Eg kjenner på kor godt eg har hatt det, både i jobb og i tida etterpå, trass sjukdom. Livet blir sjeldan slik du planlegg det, eller slik du forventar det skal bli. Eg hadde nok ikkje tenkt at livet som pensjonist skulle bli akkurat slik. Men omvegane har gjort meg sterkare, og eg er takksam for det gode livet eg har hatt og framleis har.