– Kor mykje dei får frå Kulturdepartementet er, så vidt eg veit, enno ikkje avgjort, fortel ein glad 1.-kandidat for Møre og Romsdal SV, Ingrid Opedal. Siste åra har Seanse, som mellom anna arbeider med kunstformidling i skulen, fått ein halv million i året frå kvart av departementa.

–Siste året har både prosjektleiarane og underteikna hatt møte med sentrale folk i departementa, og det er heilt tydeleg at dei er imponerte over det dei høyrer, seier Opedal.

–Målet vårt er få høgre og meir føreseielege løyvingar knytt til ein fast post på statsbudsjettet. Dette jobbar vi vidare med, fram mot budsjettet for 2014, seier Opedal.

Kjerneverksemda til Seanse er kunstnaropphald med rettleiing, utvikling av kunstpraksis med born og unge som aktørar, kunstverkstader for vaksne som arbeider med born og unge og konferansar og seminar med fokus på dialog mellom kunst- og utdanningsfelta.

– Prosjektet ligg i grenselandet mellom kunnskap og kultur, noko som gjer det ekstra utfordrande å få til resultat, seier Opedal.

Difor er ho glad for at ein i vår fekk til eit møte der statssekretærane frå begge departementa var til stades og fekk høyre same bodskapen. På dette møtet fekk dei også presentert resultata av evalueringsrapporten Telemarksforsking har laga, ein rapport som også konkluderer med at det tilbodet Seanse gjev er viktig.