IngeAarseth har i ein mannsalder vore ein hjelpsam redningsmann for mange avbøndene og andre i Bondalen med akutte elektriske problem. 3. juledag vartAarseth kåra til Årets Bondaling.

Ogpå den fullsette julefesten på grendehuset reiste forsamlinga seg og klappahøgt og lenge for heidersmannen. Det er tydeleg at mange set pris på det heileBondalens sjefslektrikar Inge Aarseth har gjort for bygdefolket gjennom mangeår.

- Det gjer godt å kunne hjelpe folk. Og så er det kjekt åhalde på med elektrisk arbeid, for ein lærer noko heile tida, kommentererprisvinnar Inge Aarseth.

Ungdomslaget

Vi er på besøk i denfine heimen til Judith og Inge Aarseth på Årset i Bondalen. Der vert vi servertgode julekaker og kaffi i fleng. Dagen før vart Inge hylla som Årets Bondalingav Bondalen frilynteungdomslag som står bak prisen. I grunngjevinga frå juryen heiter det at IngeAarseth i ein mannsalder har vore ein hjelpsam redningsmann for mange avbøndene og andre i bygda med akutte problem innan elektrisk art. Og at han harrykt ut til alle døgnets timar på hasteoppdrag.

- Dethar aldri vore noko problem å få Inge til å stille opp på kort varsel, og somregel vart problema fiksa på "no time". Inge har blant anna hjelpt mang einfortvila bonde med mjølkeanlegg, silotaljer og andre elektriske apparat som hargodt i stå, heiter det frå juryen.

Lun

Deisom kjenner han veit at Inge Aarseth ikkje er den som slår seg på brystet ogsnakkar med store bokstavar om seg sjølv. På ein lun og positiv veremåte har Inge stiltopp når folk har hatt trong for hjelp. Og opp gjennom åra er det ikkje få husdenne mannen har vore innom i Bondalen og i nærområdet elles når det elektriskehar svikta. Inge er kjend for å vere nøyaktig, og han har vore bort i det mesteinnan elektriske installasjonar.

Ose & Aarseth

Allereie somsyttenåring starta Inge opp i elektrikarlære hjå Ose & Aarseth. Det var noklitt tilfeldig at det vart elektrikar. Inge er syskenbarn med Peder Aarseth,ein av grunnleggjarane av Ose & Aarseth AS. Då Inge var femten år kom elektrikarPeder på døra for å fikse ein elektrisk feil heime i Bondalen.

- Peder såg nok at eg viste interesse for faget, og sidan 1954 ogfram til eg vart pensjonist har heile yrkeslivert mitt handla om å vereelektrikar, fortel Inge. Det har han ikkje angra på.

I mange år hadde han og kona Judith også garden å ta seg av. Ogarbeidsdagane kunne verte lange. Og lenger vart dei når folk ringde og ba omhjelp. Sjølv om Inge kunne vere gåen etter ein lang dag, sa han aldri nei, anten det var eit kjøleskap som var øydelagt eller ein komfyr som ikkje virka - eller ein fjøs vart utan straum. Då var det alvor, og då måtte det handlast raskt.

Allsidig

Før i tida måtte elektrikarane vere allsidige, og Inge har vore bort i det meste når det gjeld det elektriske. Han gjorde m.a. ein stor innsats i smaband med oppattbygginga etter storfonna på Riise i 1968.

- Vi skulle leggje inn straum i ny bygningar og det gjekk i eit, minnast Inge.