Ved hjelp av venninner og Facebook-gjengen «Flytt til Vakre Vartdalsstranda» skapte Tvergrov ei artig og lærerik markering for dei 117 som deltok.

Rebusløp

17. oktober er den nasjonale refleksdagen med fokus på trafikktryggleik og refleksbruk. Til markeringa hadde Linda og gjengen laga refleks-/rebusløpet. Små og store sprang rundt i skogen med lommelykt og jakta på refleks og orienteringspostar.

Halvparten av postane hadde spørsmål relaterte til hovudtemaet mørke og refleks. Resten var lett blanding der til dømes Fantorangen spelte ei viktig rolle. Trass i regn og haglbyer møtte 117 barn og vaksne opp i skumringa for å delta.

Linda Tvergrov er særs nøgd med vartdalsstrandingane sitt engasjement.

– Trafikktryggleik er noko eg brenn sterkt for, og spesielt viktig er det at ein tenkjer på det allereie medan borna er små. Vi vaksne må vere gode førebilete for borna våre. Så hugs deg sjølv når du festar refleks på borna.

Viktig og kjekt

Hovudmålet med markeringa er å få fleire til å bruke refleks og dermed redusere talet på ulykker i mørket.

– Men vi ville også gje høve for born og vaksne å gjere noko kjekt saman, forklarar Linda.

Takka vere støtte frå Vartdal Plast og Bondhus Trafikkskule fekk alle deltakarane etter løpet utdelt kvar sitt slapwrap refleks. Dette reflekset er spesialdesigna for denne dagen, og i år var det figurar frå teikneserien Pondus som pryda reflekset. I tillegg vart det servert varm kakao støtta av Roth Daglegvare.

Til slutt vart det trekt mange flotte gåvepremiar frå lokale næringsdrivande. Arrangørane rettar i det høvet ei stor takk til Vartdal Plast, MC – Deler, G-sport, Rogne Trafikkskule, Intersport, Clas Ohlson, Europris, Bilvarehuset, Jernia og Statens vegvesen.