For nokre år sidan var heimesida til Hovdebygda soge- og velferdslag (hovdebygda.com) oppretta. Etter ein litt trå start fekk Albert Steinnes spørsmål om å vere med på å få sida opp og gå.

– Som alle andre lag og organisasjonar oppretta Hovdebygda soge- og velferdslag også ei heimeside. Ann Charlotte Sørheim har samla saman og arkivert ein stad mellom 1.500 og 2.000 historiske bilete, og her er veldig mykje forskjellig og verdifullt stoff. Tidleg i haust byrja eg å systematisere dette og leggje det ut på heimesida, seier Albert Steinnes.

– Bør bevarast for ettertida

Til no er det lagt ut rundt 700 bilete som er kategorisert i ulike tema. Det er gamle bilete frå Hovdebygda, Sørheim og Steinnes, bilete frå ishavet, amerikabilete, gamle bygningar og bilete av historiske personar som Anders Hovden og Karl Straume.

– Planen er at alle bileta som er samla inn skal kome på heimesida. Det er eit veldig godt historisk materiale som bør bevarast for ettertida. Nokre av bileta er retusjert og eg har på ein forsiktig måte prøvd å gjere dei betre, men dei aller fleste bileta er slik som dei er. Det er viktig å bevare den biten også, seier Steinnes.

Ynskjer meir informasjon

Hovdebygda soge- og velferdslag er også interessert i meir informasjon knytt til dei historiske bileta.

– Dei aller fleste bileta er utan namn og fotograf. Om nokon av dei som er inne og ser på bileta veit nokon meir om bileta enn informasjonen som er oppgitt der, så er berre å kontakt meg eller styret i Hovdebygda soge- og velferdslag ved Roar Rønning, seier Steinnes.