For Ørsta kommune vil eit eventuelt sal av dei to næringsområda kunne bety 39 millionar ekstra kroner i inntekter. Men førebels er det lite aktivitet.

– Nokre har meldt si interesse, og eg har sendt ut ein del prospekt, men elles er det stille, stadfestar eigedomsmeklarfullmektig Bjørn-Erik Fosseide i EiendomsMegler1.

Må vente og sjå

På kommunestyremøtet 3. oktober vedtok politikarane å auke aksjekapitalen i Mosflata Næringsbygg AS. Det kostar kommunen 756.000 kroner. Ordførar Rune Hovde var ikkje særleg glad for dette. Han vil ha kommunen ut av næringsbygget så raskt som råd.

– Vi må kome oss ut av dette. Dette er pengar vi skulle hatt til noko anna, sa han under møtet.

Mosflata Næringsbygg, eller Grepa-bygget, er til sals for 32 millionar kroner. Det vart lagt ut for sal i slutten av september.

– Det er veldig ferskt enno, og har ikkje ligge ute så lenge. I tillegg har det vore eit par veker med haustferie no, seier Fosseide om den litt labre interessa som har vore.

Mørebil-tomta vart lagt ut for sal for sju millionar kroner i april, og meklaren har opplevd mykje større interesse her.

– Grepa-bygget er eit litt tyngre materiale enn Mørebil-tomta. Fleire har vist interesse for den, så vi får vente og sjå framover.

Møre-Nytt kjenner til at legane på Ørsta Helsesenter framleis skal vere interessert i denne tomta.