Sjå video nedst i saka.

Teknisk sjef Terje Kalvatn på Grøvik Verk ser bort på ein blå robotarm som snur og vrir seg rundt med presise rørsler. Den ferskaste tilsette på takrennefabrikken i Liadal heiter «Blåmann». Han har musklar av stål, arbeider trufast heile dagen utan pausar, og krev berre nokre kilowatt straum som løn.

«Blåmann» er ein av sju robotar som held produksjonen på Grøvik Verk jamt i gang. Bruken av robotar har vorte avgjerande for å drive konkurransedyktig industri produksjon i høgkostlandet Noreg. Bedrifta satsa tidleg på automatisering, og har sikra seg høg kompetanse i bedrifta.

Kompetansen på huset

Sidan i haust har Kalvatn arbeidd med å programmere robotarmen til å utføre eit nøyaktig arbeid i samarbeid med ei maskin som knekk aluminiumsplater til takrennebeslag.

– Det er ikkje så vanskeleg når ein kan det, men ein må tenkje og planleggje heilt frå starten, seier Kalvatn.

– Vi bur i distriktet, så det er veldig kjekt å ha kompetansen innanfor veggene. Det er ikkje berre å ringje til ein i Oslo som kjem byksande. Produksjonen skal gå heile tida. Har ein kompetansen her, er det fort gjort å korrigere ting sjølv på nokre minutt, seier Kalvatn.

– Heilt naudsynt

Sidan han starta i bedrifta i 1996, har han hatt stor interesse for å utvikle, tilpasse og forbetre automatiske produksjonslinjer.

– Eg har alltid vore nysgjerrig på slikt. Då eg byrja her var dei allereie tidleg i gang med PLS-styring (programmerbar logisk styring). Eg forstod fort at dette måtte eg lære meg. Så kom det etter kvart robotar, noko som også var pionerarbeid her. Vi er nok av dei som er mest automatiserte innan industriproduksjon på Sunnmøre, seier Kalvatn.

– Kva betyr det for bedrifta?

– Det er heilt naudsynt. vi hadde ikkje vore her i dag om vi ikkje hadde automatisert, for timane i Noreg er kostbare, seier Kalvatn.

I tillegg sparer robotane dei tilsette for mange og tunge løft i løpet av arbeidsdagen.

– Ein sparer ryggane til folk. Står ein og løftar 30 kg 200 gongar for dag, vert det mykje belastning.