Målt per innbyggjar, så handla kvar nordmann for 74.712 kroner i detaljhandelen i løpet av fjoråret. Ei fersk ”handleliste” frå Statistisk sentralbyrå viser kor mykje pengar kvar bebuar i Ørsta og Volda brukte i sin eigen kommune i 2012. Samanlikna med landsgjennomsnittet kan vi i alle fall slå fast at pengebruken i eigen kommune er svært høy i Volda kommune, og ikkje langt etter snittet i Ørsta.

Handel i Ørsta

SSB-tala viser at kvar innbyggjar i Ørsta brukte 73.356 kroner kvar på detaljhandel i eigen kommune. Med detaljhandel meinast sal av handelsvarer frå butikk eller torgplass. I praksis alt frå brød og vin, via sko og barbermaskiner, til bøker og trelast (til personleg bruk). Omsetninga som skjedde på bensinstasjonar er ikkje med i denne statistikken. Heller ikkje sal av motorvogner eller agenturhandel er med i tabellane.

Vi ser at kvar bebuar i Volda kommune brukte 82.624 kroner på slik handel i eigen kommune i fjor, noko som dermed er ein del over snittet i Noreg.

Mest og minst i Møre og Romsdal

Vi har teke ein titt på heile Møre og Romsdal, og kan slå fast at det er Ålesund kommune som har høgaste pengebruk per innbyggjar, med 112.475 kroner per innbyggjar. Så følgjer Molde med 104.804 kroner per innbyggjar.

I motsett ende finn vi Sande kommune, som berre har ei omsetning på 23.325 kroner per innbyggjar.

Lekkasje inn/ut

Den årlege handlestatistikken frå SSB fortel korleis det reelle handlebiletet er i dei fleste kommunar. Spesielle kommunar med lave handletal bør innsjå at lekkasjen er reell. Kommunar i nærleiken av svenskegrensa vil måtte tole lekkasje ut av landet.

Når det gjeld kommunane med høgaste handletal, så bør ein vere oppmerksam på at tala ”lyg” litt i nokre kommunar. Det gjeld spesielt småkommunar som huser mange hytter, kanskje ein flyplass, feriedestinasjonar eller ein stor internett-butikk. Men det er klart at enkelte kommunar skil seg ut som soleklare handlemekka i regionen sin.

Utviklinga i Ørsta

I Noreg har det vore ein auke på totalt to prosent i løpet av 2012. Dette betyr at kvar nordmann i fjor brukte nesten 1.500 kroner meir på detaljhandel enn året før.

Utviklinga det siste året har såleis vore ganske bra for Ørsta sin del. Her har det vore ein auke på 4,5 prosent. Dette utgjer 3.182 kroner i auka forbruk per innbyggjar i Ørsta.

I Volda kommune har utviklinga vore enda betre. Her har kvar innbyggjar brukt heile 6.853 kroner meir på handelen i løpet av fjoråret. Dette utgjer ein auke på pene ni prosent.

Størst auke

Vi har teke ein titt på alle norske kommunar for å finne ut kva som har best utvikling i løpet av 2012. Og aller øvst noterer vi Rindal kommune her i Møre og Romsdal, med ein voluminøs vekst på over 28 prosent det siste året.

Halsa er nest best i fylket, då det her var ein auke på 11,5 prosent, målt i omsetning per innbyggjar. Norddal følgjer deretter med 10,5 prosent auke. Svakaste utvikling i Møre og Romsdal hadde Eide kommune, med ein tilbakegang på 8,7 prosent.