I januar i år vart mannen stoppa på Oslo Lufthamn Gardermoen i ein rutinekontroll og han oppbevarte 94,4 gram amfetamin. Før mannen vart stoppa brukte han også amfetamin. I retten forklarte han at han henta pakken med amfetamin i Oslo, og skulle levere den i Volda. Årsaka til at han tok på seg oppdraget var for å gjere opp gammal gjeld i narkotikamiljøet. Mannen tilstod forholda. I 2012 vart han også dømd til 75 dagar i fengsel, der 30 dagar var på vilkår med ei prøvetid på to år. For forholdet i januar i år sette retten straffa til åtte månader i fengsel. Sidan dette forholdet skjedde i prøvetida frå dommen i 2012 vert vilkåra i den tidlegare dommen omgjort. Dermed vert den samla straffa på ni månader i fengsel.