Noko av det rådmann Rune Sjurgard rår til at skal verte dyrare, er kulturskulen, barnehagane, skjenkeløyve og skulefritidsordning. Volda formannskap skal handsame desse sakene i møte tysdag 3. desember.

Barnehagane

I 2009 vart maksimalprisen for foreldrebetaling fastsett til 2.330 kroner. Denne har vore uendra sidan. Regjeringa foreslår å vidareføre satsen for maksimalprisen for ein barnehageplass på same reelle nivå som i 2013. Frå 1. januar 2014 vert maksimalprisen fastsett til 2.405 kroner per månad, og 26.455 kroner per år for ein heiltidsplass.

Sjurgard har tidlegare vore inne på å ta maksimalpris for barnehageplass også for dei med deltidsplass, men dette har han gått vekk frå.

– Det står i forskriftene at foreldrebetaling for eit deltidstilbod skal verte sett lågare enn foreldrebetaling for eit heildagstilbod, melder rådmannen i sakspapira.

Han har lagt prisauken til grunn i budsjettet, og minner om at det ved ei eventuell nedstemming av dette forslaget må politikarane kome med forslag til andre måtar å skaffe kommunen inntekter på.

Skjenkeløyve

Administrasjonen vil også auke betalingssatsen for skjenkeløyve ved einskildhøve frå 500 kroner til 1.000 kroner.

Gebyra skal sikre kommunen ei viss dekning av kostnadene med handsaming av søknader og kommunen sine kontrolloppgåver. Volda har til no hatt den lågaste gebyrsatsen, medan til dømes Ørsta har hatt den høgste gebyrsatsen; 4.000 kroner per løyve.

Rådmannen meiner at 4.000 kroner vert for mykje.

– Då vil truleg færre søke om skjenkeløyve, og det vil kunne føre til ein del tilfelle av ulovleg skjenking som resultat, trur han.

Men med ein gebyrauke til 1.000 kroner trur han vil vere akseptabelt for dei som søkjer.

Skulefritidsordning

Når det gjeld skulefritidsordninga melder rådmannen at foreldrebetalinga ikkje dekkjer kommunen sine utgifter til drift av ordningane. Skal drifta kome nærare balanse må dei både redusere kostnadene og auke inntektene. Her legg rådmannen til grunn ein auke på fem prosent. Det vert også jobba med organisatoriske endringar for å redusere behovet for personell.

Kulturskulen

Også i Volda kulturskule finn administrasjonen det naudsynt å auke foreldrebetalinga.

Administrasjonen rår til ein auke på 100 kroner per semester, til 1.700 kroner.

– Den føreslegne auken i kulturskulen vil gjere tilbodet til eit av dei dyraste, samanlikna med omliggande kommunar. Unnataket er Ørsta, der ein elevplass i 2013 kostar 3.950 kroner.

Dei nye betalingssatsane vil auke inntektene til Volda kommune.

– Dette er naudsynt slik den økonomiske situasjonen er i kommunen dag, seier Sjurgard.