I god tid før startskotet gjekk for Bakk-Ola-maraton, var det fullt av folk både ute og inne på Bakk-Ola-marka aktivitetssenter. Der var bord fylte refleksvestar og startnummer, store reklamevimplar, kvitkledde seniordansarar og gulkledde hjelparar frå Ørsta vidaregåande. Lufta var mild og sola skein frå skyfri himmel.

Stemninga var god og litt stressande før klokka slo 11.00.

Helsekoordinator Ingvild Endal og aktivitetsleiar på Bakk-Ola-marka, Sissel Andersen hadde mykje å gjere før det heile braka laust.

Talar og dans

Til å leie storhendinga hadde Endal hyra inn Stein Aam.

– Det er flott at så mange har møtt opp. Eg har alltid vore ein trimmar. Det som er fint med dette arrangementet er at alle kan vere med, også dei som har kome opp i sine gylne år, sa han.

Elles heldt både ordførar Rune Hovde og leiar for pensjonistlaget, Eli Kjøde kvar sin tale.

Ordføraren helsa folket med to kinesiske ordtak, eit av dei lydde slik: "Ikkje ver redd for å gå sakte, men for å stanse opp".

Kjøde fortalde at det var tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland som i 2003 fann på at ein skulle markere verdas aktivitetsdag.

– Dagen har vorte arrangert ulike stader i Noreg i 6 år. Her i Ørsta er det første gongen, informerte Kjøde.

Etter talane var det musikk ved Volda toradarklubb og dans ved Ørsta seniordans. På dei to siste dansane fekk alle som ville kome fram på danseplattingen. Det vart ein fin miks av eldre ørstingar, flyktningar, barnehageborn, ordførar og elevar frå Ørsta vidaregåande skule.

To løyper

Då første del av programmet var vel i hamn, kunne folk velje mellom to løyper. Langs begge var det benker, og utdeling av frukt og vatn. Det var 8 elevar frå lina for Helse og oppvekst som tok seg av denne servicen.

For dei som tok den lengste løypa på 1 kilometer, fekk dei gleda av å sjå rosakledde, syngjande russ ved Barnas Vel.

Heilt til slutt kunne alle kjøpe seg kaker, brennsnut, kaffi og saft, og nyte songen til ein stor gjeng med born frå Krokedalen barnehage.

Ein siger

Det var mange blide folk å sjå i vårsola. Både arrangørane og deltakarane virka fornøgde.

– Det er ein flott dag, og opplegget ser fint ut. Det er hyggjeleg å få kome seg ut og treffe andre, seier Ellen Johansen som er godt opp i 80 åra.

Ei av dei yngre som gjekk den lengste ruta var 36 år gamle Silvia Torset.

– Eg var ute for ei trafikkulykke her i Ørsta i 2011. Sidan eg har ein bindevevssjukdom også, sa legane at dei ikkje trudde eg kom til å kunne gå igjen. Difor er det ein stor siger for meg å greie denne 1. kilometer lange løypa, fortel ho stolt.

På deler av turen gjekk ho saman med to spreke damer på over 90 år.

Neste år også

I Ørsta var det eldrerådet som i desember tok kontakt med Ingvild Endal som er folkehelsekoordinator.

Det er Randi Mork som er leiar for dette rådet. Nestleiar er Eli Kjøde.

– Korleis synest du dagen har vore Eli?

– Kjempefin. Ekstra kjekt at vêret var så flott, slik at vi kunne sitje ute og ete etter trimturen, seier ho.

Oppmøtet synest Eli var over all forventing.

Elles er ho veldig nøgd med jobben som folkehelsekoordinatoren har lagt ned.

– Eg trur ikkje det hadde vore så lett å organisert dette, utan at kommunen stilte med nokon som kunne trekkje i trådane, meiner leiaren for pensjonistlaget.

– Blir det ein slik dag neste år også?

– Ja, det må vi få til. No har vi lagt grunnlaget, så neste år kan vi utvide arrangementet dersom vi vil, seier ho optimistisk.

Positivt på alle måtar

Sissel Andersen, som er aktivitetsleiar på Bakk-Ola-marka, virka også storfornøgd med dagen, då vi snakka med henne i innspurten.

– Det har vore supert. Positivt på alle måtar, understrekar ho.

Faglærar ved lina Helse og oppvekst, Margun Vartdal Romestrand, var glad at elevane hennar hadde vorte spurde om å delta.

Dei er også med i organisasjonen "Livsglede for eldre".

– Det er akkurat slike opplegg vi har lyst til å hjelpe til med. Elevane, Sunniva Hovdenakk og Benedikte Dale, hadde dette å seie om tiltaket:

– Veldig kjekt å hjelpe til. Og ekstra fint at det blir stelt i stand noko så triveleg for dei eldre.

Volda toradarklubb stilte på kort varsel. Folk sette stor pris på musikken deira.
Seniordans Ørsta baud opp til dans.
Trafikkskadde Silvia Torset såg på det som ein seier å greie å gå den lengst løypa. Her saman med folkehelsekoordinator i Ørsta, Ingvild Endal.