Uhellet skjedde ved innkøyrselen til Bondalseidet. Sjåføren skulle snu betongbilen, men hamna utanfor vegbana med bakhjula og bilen velta. Sjåføren kom ikkje til skade i uhellet.

Ørsta brann og redning er no på staden for å sikre ei lita oljelekasje, og det vert venta på bergingsbil for å få betongbilen opp av grøfta.