Med både Røde Kors og Norske Redningshunder til stades på kvar sine parallelle øvingar, var Standaleidet truleg eitt av dei tryggaste friluftsområda i Noreg laurdag og søndag.

For medan menneska sin styrkje ligg i synet, har hundane ein formidabel fordel med sin gode luktesans. Nettopp denne eigenskapen trenar hundeførarane i Norske Redningshunder på å nytte fullt ut i sine søk etter sakna menneske og objekt.

Lang trening

Heile tre år tek det å utdanne ein redningshund og få han godkjent. Når han har vorte godkjent redningshund, må både hundar og eigarar vere klare til å rykkje ut på kort tids varsel om ulykka skulle vere ute.

I helga var stemninga dog meir avslappa, med ymse øvingar og litt kvil i solsteiken på Standaleidet. For til liks med sine tobeinte eigarar, skil hundane elegant mellom arbeid og fritid.

– Det er familiehundar. Men når dei er på arbeid, så er dei på arbeid. Det ligg mykje trening bak ein redningshund, kan Wenche Osborg frå Ørsta fortelje.

Hunden hennar, Luna, er no i trening for å ein dag verte godkjent redningshund. Då sluttar ho seg til flokken på elleve godkjende redningshundar i Møre og Romsdal.

I fjor utførte desse hundane 33 søkeoppdrag i fylket, medan dei til no i år har utført 17 oppdrag.

Konsentrert arbeid

Når menneske er sakna i terrenget, brukar hunden sin gode luktesans til å snuse opp spor som kan vere fleire dagar gamle. Då skil hunden også mellom dyrelukt og menneskelukt, og konsentrerer seg berre om det han skal. Likevel veit ikkje hundane kven dei leitar etter, så med mindre hundane er spesielt trena til å gjennomføre ID-søk etter ei bestemt lukt, følgjer dei det menneskesporet dei finn.

– Det er ikkje alltid dei finn rette sporet. Det er då etterretninga kjem inn, i samarbeid med politiet som seier kvar ein skal søkje og kva spor ein skal følgje, fortel Osborg.

– Bør publikum halde seg vekk når det går føre seg hundesøk?

– Nei, når hunden er på arbeid skal han greie å halde seg til sporet. Ein prøver alltid å setje inn hundane før Røde Kors startar sine søk, så hundane får mest muleg jomfrueleg terreng, men vi trenar på at dei skal takle å verte forstyrra av andre menneske, seier Osborg.

Ønskjer fleire hundar

I helga snuste kring tjue godkjende og ikkje-godkjende hundar frå heile fylket rundt i terrenget på Standaleidet. Beredskapsansvarleg Odd Einar Tysnes seier det gjerne kunne vore ønskjeleg med fleire redningshundar.

– Vi treng alltids fleire hundar. Difor har vi desse kursa, for å dyrke entusiasmen og vise oss fram litt. Vi har også heilt nye ekvipasjar med på turen, seier han.

Samarbeid

– Kva krevst av ein hund for å verte redningshund?

– Dei fleste startar med den hunden dei har, så må ein undersøke om han er eigna eller ikkje. Det er ein del kriterium for å verte redningshund. Dei må mellom anna ha arbeidslyst, og dei må vere psykisk stabile. Å verte redningshund inneber tre år med prøver og analyser. Det er heile vegen evalueringar av både hund og hundeførar. For sjølv om hunden er god, er ein like langt om hundeføraren er dårleg. Dette er eit teamarbeid, seier Tysnes.

Hunden Ferox og beredskapsansvarleg Odd Einar Tysnes. Foto: Kjell Arne Steinsvik
Børge Flusund med hunden Ferox fekk raskt ferten av journalisten som prøvde å gøyme seg. Foto: Kjell Arne Steinsvik