Vibeke Aanning Aarseth (53) er adm.dir. ved møbelfabrikken Formfin Møbler AS i Sykkylven. Ho tok til i jobben 1. januar 2017, og seier sjølv at ho har hatt ei bratt og spanande læringskurve. Både møbelbransjen og jobben er utfordrande, men med dyktige fagfolk og flinke og fleksible medarbeidarar går det bra. Samarbeidet og samhaldet i dei ulike fagklyngene på Sunnmøre er noko ho set stor pris på. Ho meiner det er ein av dei viktigaste grunnane til at møbelindustrien i Sykkylven klarer seg så bra som den gjer.

– Ved Formfin Møbler er det heilt naturleg å samarbeide med til dømes Fjord Fabrics i Ørsta når det gjeld tekstilval, eller Sykkylven Stål når det gjeld aluminiumskomponentar til rammeverk til utemøblar. Målet er ikkje konkurranse, men å spele kvarandre gode. No har vi lansert ein kolleksjon med utemøblar, kalla «Villa», som vi er veldig spente på. Salet går gjennom Hageland-kjeda, og vi gler oss til å sjå korleis «Villa»-serien blir motteken – både lokalt og nasjonalt.

Oppvekst på Vartdal

Vibeke vaks opp på Vartdal, i 2. etasje i huset der familien dreiv butikk, og seinare i nytt hus på Remane. Ho påstår at ho har vakse opp på «utgått på dato»-mat frå butikken, og at ho må vere eit levande eksempel på at det går heilt fint. Aktive og flotte foreldre, og tre søstrer, gjorde barne- og ungdomsåra særs bra. Butikkdrifta til familien bidrog nok til at ho såg nytta ved å få til noko med hardt arbeid. Sin første sommarjobb hadde ho ved klippfiskanlegget som familien dreiv. Vibeke sydde saman sekkar som vart fylde med klippfisk og eksportert til Brasil, Portugal og Spania.

Fotballjente: Tre jenter frå Vartdal var med på voldastudentane sitt damelag i fotball til ei turnering til Stockholm i 1984. F.v. Tove Lise Øye, Unni Sætre og Vibeke Aarseth.

Oppveksten på Vartdal, rett under Bergehornet, har sett sine spor. Her var dei omkransa av gardar med husdyr, familie og vener, og fjellturar og fotballspeling var nesten daglege aktivitetar.

– Det var eit eldorado å vekse opp her. Eg har vore på alle fjelltoppane på Vartdal, bortsett frå på Kjerringa. Det må eg vel få gjort noko med, når eg no har flytta tilbake, ler ho.

Heile familien var veldig aktive, og arbeidde heile tida med ulike prosjekt. Det var full fart det meste av tida, med gardsdrift, butikk, fangst, fiske og klippfiskeksport.

– Sidan familien hadde fleire ishavsskuter, lærte vi jentene fort å klatre opp i masta til utsiktstønna når båtane låg ved kai. Vi hadde naturlegvis ikkje lov, og det gjorde det vel ekstra spanande. Der såg vi langt av garde, og kunne drøyme oss ut i verda. Fotballspeling på smågute- og gutelaget til Vartdal er også gode minne, og seinare etablering av kvinnefotball-lag i Volda.

Fjellglad: Ho har vore på mest alle fjell på Vartdal, og er glad i naturen. Her frå ein tur til Standaleidet. Foto: privat

Idretten var det som lokka Vibeke ut frå bygda, til fysioterapi- og leiarstudie i Berlin og Bergen. Eit par år i Bergen som fysioterapeut på Bergen Stadion har ho også fått med seg. Ho jobba deretter over 30 år i Oslo, innan bank og finans, i farmasøytisk industri og helsesektoren.

Skape ein vinnarkultur

I tillegg til leiarjobben ved Formfin Møbler, er Vibeke styremedlem i bransjeforeininga «Designerindustrien» i NHO, der målsetjinga er å doble produksjonen i ferdigvareindustrien i landet. Ho er også styremedlem i det familieeigde selskapet DS Furenak AS og i Møbelkraft, Sykkylven, som er eit offentleg/privat selskap. Møbelindustrien utgjer nesten halvparten av designindustrien i Noreg. Designindustrien, som er ein del av ferdigvaresektoren, hadde ein eksportauke på 2,4 prosent i 2016. Norsk møbelproduksjon auka med knapt 2 prosent, medan importen fall med -0,4 prosent. Det er første gong på mange år at møbelimporten fell. (Kjelde: Norsk industri møbel + interiør).

For møbelindustrien er dette gledeleg, men utfordringane står i kø. Det er tøffe tider på grunn av konkurransen frå globale aktørar, og nye digitale forretningsmodellar. Netthandel er ein av dei største utfordrarane for norske møbelprodusentar. Det er difor særs viktig å få styrke dei norske merkevarene.

– Satsinga på utemøblar er eit av tiltaka vi har sett i verk, og som kan bidra til at dei nærare 60 medarbeidarane ved fabrikken i Sykkylven får meir stabile arbeidsforhold, spesielt no i «vårknipa». Det skulle eg gjerne likt å få til. Som leiar er det viktig for meg at dei eg har ansvaret for har det så bra som råd. Då yter dei også best. Raske omstillingar er viktig og heilt nødvendig for å få til utvikling og nøre opp under ein vinnarkultur. Vi må også skryte meir av kvarandre, og her kan vi kvinner gå føre og vise veg. Eg tur vi er flinkare enn mannfolka til akkurat det.

Oppteken av kystkulturen

Vibeke greip sjansen ho fekk til å kome tilbake til Sunnmøre. Ho vart svært godt motteken i Sykkylven, og likar seg godt i møbelindustrien.

– Det er ein spanande jobb, der eg til fulle får bruke kreativiteten min.

I tillegg lokka nok nærleiken til Sunnmørsalpane, og lysta til å kunne jobbe med å vareta ein del av kystkulturen og historia til Aarsethfamilien.

– Eg vil bidra til å ta vare på det som er att, og starte opp arbeidet med å få nedteikna historier frå dei eldste i familien. Det er mykje som må takast vare på, og det tek nok lang tid. Men no er eg her, og eg er i gang. I Sjøbuda er klippfisken vekk, men her kan det kanskje bli eit bluesarrangement. Vi skal lage register over ishavsskutene som har vore i familien, få til utstillingar over det som har vore, og vareta Fangstholmen, ei øy i Ellingsøyfjorden som vi også eig. Der var det sel-oljefabrikk til midt på 50-talet, med 35 sel-oljetankar. Kanskje må vi få til eit museum for å vareta selfangsthistoria.

Ishavsskute: Vibeke er opptatt av kystkultur og fangsthistorie. Her saman med «Ishavsdronninga» Else Karlsen og Petter Liavåg på «Polarstar» Foto: svein aam

Ideane og planane er mange, og med hardt arbeid og eit brennande engasjement blir det nok ein realitet.

Sirkelen er slutta

Etter fleire år ute er sirkelen slutta og Vibeke er tilbake på Vartdal. Ho har flytta inn i nyrenovert husvære i 2. etasje der butikken låg, og der ho budde som lita jente. Pendlarvegen til Hundeidvika går som ein leik. Trass i ferja, var det mykje verre å pendle til jobb i Oslo i dei lange køane der.

– Dette er stas. Eg har alltid vore sunnmøring, og eg er særs glad for å ha fått moglegheita til å flytte tilbake hit. Men eg har «hytte» i Oslo. To vaksne døtrer som vaks opp med eit bein i Oslo og eit på Sunnmøre, skal framleis ha tilknyting begge stader. Og sjølv har eg også ein urban del i meg som innimellom blir tilfredsstilt med ein Oslo-tur, både i jobb- og privat samanheng.

Sunnmøre er «heime» for Vibeke. Det sunnmørske fellesskapet står høgt i kurs, uansett kvar ho er og kva ho gjer. Ho står fast på at heile Noreg har noko å lære av det som blir gjort på Sunnmøre, og gler seg over at fleire og fleire finn vegen hit, både som turistar og som næringsdrivande.