Mattilsynet har bedt fleire kommunar om å peike ut aktuelle område for deponi av dyrekadaver. Bakgrunnen er smittehygiene. Viss det skulle kome ein smittsam dyresjukdom til området, meiner Mattilsynet det vil vere viktig å vite kvar ein raskt kan kvitte seg med kadaver for å hindre smitte.

Ørsta kommune har ingen lokalitetar som i dag er klarert for slikt bruk.

– Fleire private område som er eller som tidlegare har vore i bruk til uttak av masse kan vere aktuelle, men desse er i all hovudsak regulerte til andre konkrete føremål, og vil såleis ikkje vere aktuelle om nokre år, forklarar avdelingsleiar Gunnar Wangen i avdelinga for plan og miljø i Ørsta kommune overfor Mattilsynet.

Konflikt

Han peikar dessutan på at nokre område vil vere ueigna grunna fare for konfliktar knytt til ureining av grunnvatn, overflatevatn eller bekker.

I Ørsta er konsentrasjonen av storfe og høns særleg i Bondalen, medan gris er konsentrert til Vartdalsstranda. Sauer er det over heile kommunen, medan geitekonsentrasjonen er størst på Hjørundfjordstranda.

– Etter kvart som utviklinga i landbruket og husdyrhaldet går i retning av færre og større bruk, vil også handteringa av vanlege kadaver krevje ei betre samla handtering enn i tidlegare tider. Ei framtidsretta løysing for slik vanleg handtering bør truleg også kunne vere aktuell å nytte i samband med handteringa av kadaver etter eit større alvorleg sjukdomsutbrot, seier Wangen.

Han meiner behovet for eit eller fleire slike deponi vil vere avhengig av dyreslag og utbrot av sjukdom.

Eigne areal

– Vi legg til grunn at ein vil kunne finne eigna areal i eksisterande eller nedlagde massetak som til ei kvar tid er i drift når behovet eventuelt måtte oppstå. Einskilde dyrkingsfelt under arbeid kan også vere aktuelle. Det synest for oss noko vanskeleg å skulle avklare slike moglege framtidige lokalitetar og reservere større eigna areal til dette alt i dag – i beredskap for eit eventuelt utbrot, seier Wangen.

Han viser til at kommunen er i gang med revisjon av kommuneplanen sin arealdel.

– Om det er behov for det, vil ein her kunne søkje å innarbeide ein eller fleire permanente lokalitetar for slik kadaverhandtering, oppsummerer Wangen.

Men han presiserer at då må Mattilsynet presisere kven som skal dekkje leige av slikt areal i påvente av eit eventuelt utbrot.