Hustad forsvarte aksjonane i vår og hevda landbruket har god støtte frå grasrota.

Det var Knut Hustad som hadde hovudforedraget på Ørsta Rotaryklubb sitt møte tysdag. Bakgrunnen var bøndene sitt brot i landbruksforhandlingane i år, det første på tolv år.

Og det var ikkje tilfeldig at aksjonane kom i år. I 2010 gav eit årsverk på 1750 timar kr 227.000 til bonden, medan andre grupper i samfunnet hadde eit gjennomsnitt på kr 434.000 for same årsverket. Då blir gapet for stort. Og dette gapet må minkast, hevda bondelagsleiaren.

Tankevekkar for norsk sjølvstende

Hustad heldt fram og stilte spørsmålet om vi treng norsk landbruk? Og meinte svaret måtte vere openbart.

– Det er flautt at Noreg ikkje er sjølvforsynte, men må importere landbruksvarer frå utlandet. Dette bør vere ein alvorleg tankevekkar for eit land som ønskjer å vere sjølvstendig også i framtida.

– Og det er ikkje slik at matvarene er dyre i Noreg. No går 11 % av inntekta til nordmenn med til mat. Generasjonen før oss måtte betale 40 % av inntekta si til matbudsjettet, sa Hustad.

Rotarymedlemmene stilte spørsmål om kvifor aksjonane var så kortvarige.

Hustad vedgjekk at aksjonen til bøndene i år var kortvarig, samanlikna med dei andre streikane denne våren. Men for bøndene er det viktig å ikkje kome på kant med kundane sine, men bevare godviljen.

Landbrukskontora

Knut Hustad peikte på at mykje kan gjerast, også lokalt.

– Det første som bør gjerast er å slå saman landbrukskontora i Ørsta og Volda. Det er behov for større miljø. Det gjeld også bondelaga; større og meir slagkraftige miljø vil styrke landbruket, sa Hustad.

Medlemmene i Rotary peikte på den negative spiralen som landbruket synest å vere ein del av. Kva kan gjerast for å snu den negative holdninga til yrket? Kva strategi har landbruket for å kome vidare og styrke næringa?

– Den lokale landbruksnæringa møter berre godvilje frå både forbrukarane og lokalpolitikarane. Dette er viktig for næringa. Strategien er å informere lokalpolitikarane slik at desse kan bringe kunnskapen vidare oppover til rikspolitikken. Det er eit langsiktig arbeid som no er i gang, og det vil gi gevinst på sikt, avslutta bondelagsleiar Hustad i møtet i Rotary.