Starten på jonsokaftan i Ørsta vart herleg. I ein flotttemperatur samla folk seg i mange gate- og bygdelag for å vere saman påmidtsommarkvelden.

Lurvetog

Fleire stader var det lurvetog, og born og vaksne kledde segut. Mange stader starta grillinga seint på ettermiddagen og tidleg på kvelden,og mange koste seg utandørs saman med venner og kjende.

På Facebook er det bilete frå mange stader kring om ikommunen der jonsok vert feira.

Jonsokbål

Etter kvart vart båla tende. På Sæbø, som bileta er i frå,samla folk seg på Kapteinskvia, først til lurvetog, og der etter til grillingav god mat. Kl. 20.00 vart bålet tent, og det vart etter kvart godt synleg.

Den fine temperaturen heldt seg lenge. Rett nok kanskydekket verke noko trugande, og truleg kan det kome nokre byer utoverkvelden. Dei fleste lever nok i håpet om at dei held seg unna.