Det vart ei av dei finaste opningshøgtidene som har vore for Dei nynorske festspela torsdag kveld. Songen stod i sentrum i Uteamfiet, og det vart ein kveld med dei magiske augneblinka.

Flott ver

Veret kunne ikkje ha vore betre då Nynorsk kultursentrum inviterte til opningsfest i Uteamfiet i Aasen-tunet. Folk strøymde til i ein behageleg temperatur, og viss programmet under opningstida attspeglar programmet elles under festspela, har folk mange godbitar i vente.

Festspeldiktar Arne Moslåtten presenterte nyskrivne tekster til nyskrivne songar, den fyrste styreleiaren for festspela, Jon Tvinnereim, heldt opningstalen og tala varmt for det lokale initiativet. Og dansarar frå Ørsta og Volda ballettskule viste at kvaliteten har vorte høg på dansen til skulen.

Egil Olsen

Likevel, det var då Egil Olsen kom på scena saman med Stig Ulv og Morten Bollerud det fyrste store høgdepunktet kom. Olsen tok publikum med storm. For fyrste gong framførte han tekstene sine på nynorsk.

Og som han sa, han song dei ikkje, men framførte ord med musikk til. Likevel, Egil Olsen har så mykje musikalitet i seg at songane vart som nye, og publikum gav han då også lang og taktfast applaus.

Nynorskbrukarane

Eit av høgdepunkta under opningsseremonien plar vere utdelinga av prisen som årets nynorskbrukar. Det var det også i år. Prisvinnarane Ingvild Bryn frå NRK og Arill Riise frå TV2 viste seg som verdige prisvinnarar med både innsikt i eigen nynorskbruk og med evne til å setje språkbruken inn i ein samanheng.

Dessutan er dei ypparlege formidlarar, og det vart mykje humor under takketalane.

Ingvild Bryn

Likevel, Ingvild Bryn skapte den heilt store magiske augneblinken til slutt då ho meir eller mindre spontant sette seg ved pianoet, og fekk publikum med seg på å syngje ”Den fyrste songen”.  Det var eit slikt augneblink som festspela har hatt fleire av, og som gjer at dei i år kan feire tjue år, og heilt sikkert vil halde på i minst tjue år til.

- Det var ikkje så veldig planlagt. Eg gjorde det for mor mi, og fordi temaet for festspela i år er songen, sa Ingvild Bryn til Møre-Nytt etter at opningshøgtida var over.

Festspeldiktar Arne Moslåtten. Foto: Rune Sæbønes
Jon Tvinnereim heldt opningstalen. Foto: Rune Sæbønes