Nesset kjem frå ei stilling som driftsdirektør i Spenncon AS, og vil ha sin fyrste arbeidsdag den 1. september. Nesset har mange års erfaring frå leiing og forretningsutvikling innan produksjons. og logistikkverksemd, og har dei siste fem åra hatt ansvaret for drift og utvikling av Spenncon sine seks fabrikkar i Noreg.

– Vi er svært glade for å få Nesset med på laget. Den breie erfaringane han har frå produksjonsindustrien vil medverke til å utvikle og styrke selskapet si konkurransekraft, seier styreleiar Kåre Johan Eikrem i Vik Ørsta AS.

– Eg har fått eit veldig fint inntrykk av Vik Ørsta og SafeRoad. Dette vert ei spennande utfordring eg gler meg til å ta laust på, seier Kjetil Nesset.