Snømangelen er gode nyhende for dei som jobbar utandørs store delar av året.
Varmegradene frå desember ser ut til å halde fram i januar. Det gjer jobben for dei som jobbar ute store delar av året, enklare. I Osmarka II har det vorte jobba iherdig i heile vinter, og utan at vêret har vore til hinder.