– Det er mykje meir triveleg enn ei bikkje, seier han og manøvrerer seg bort til bukken på eit par krykkjer.

– Eg knuste leggen då eg var deltakar på ekstremsportfestivalen X2. Så kjeda eg meg litt, og surfa på finn.no etter ei gratis bikkje. Så vart det denne bukken i staden for, fortel han.

Snill bukk

For det var i utgangspunktet ein hund som var planen til Loftshus og kollegaen han bur saman med. Men som oppvaksen på gard skulle det lite til før Loftshus hadde bestemt seg for noko heilt anna.

– Piggen, heiter han, fortel han om den store bukken som har rukke å fylle fire år. No står den og beitar på graset til Møre folkehøgskule.

– Han stod einsam på Vigra, og dersom dei står for lenge aleine så kan dei verte litt sære. Men Piggen er veldig snill, og til sommaren skal han få gå på beite i Sunnmørsalpane saman med likesinna, fortel matfar.

Populær

Som bukkar flest er det ein viss odør å ane frå han, alt før du har fått han i syne, men for folkehøgskuleelevane spelar det lita rolle. Thea Gullichsen og Petter Askland har berre gode ord å seie om sin nye medelev.

– Det er veldig hyggjeleg, seier dei, og gir kos og klapp til Piggen.

Akkurat no ser framtida lys ut, men etter at Piggen er henta ned frå sommarbeite, er det meir uvisst kva som vil skje.

– Det spørst. Vi har noko vi kallar matauksveke. Eller kanskje han hamnar i gryta på bålet til valfag i mat. Men aller helst hadde vi likt det om nokon kunne gi han losji til vinteren. Dersom nokon veit råd håper vi dei kan ta kontakt med folkehøgskulen, oppmodar Loftshus.