Ørsta sin stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) har fått plass i Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.

– Dette var førstevalet mitt, og eg er svært godt nøgd. Det er slett ikkje alle som får komitéønskja sine oppfylte, og eg tek dette som eit signal om at partiet ønskjer å satse på meg, kommenterer Holen Bjørdal.

Arbeidsmiljø

Arbeids- og sosialkomiteen har ansvar for m.a. arbeidsmarknad og arbeidsmiljø, arbeidsretta ytingar, pensjon, sosiale stønader og politikk overfor menneske med nedsett funksjonsevne.

– For meg og Ap er det viktig å syte for eit rettferdig og anstendig arbeidsliv som inkluderer flest mogleg, og eit sosialt sikkerheitsnett som tek vare på dei som fell utanfor. Denne komiteen blir svært viktig framover, ikkje minst fordi Erna Solberg har det som si merkesak å liberalisere arbeidsmiljølova. Desse endringane er eg svært usamd i, og her vil det stå mange slag, seier Holen Bjørdal.