Søre Sunnmøre tingrett har bestemt at politiet får behalde førarkortet til ein 25 år gamal mann frå Ørsta.

Mannen forårsaka eit trafikkuhell ein morgon tidlegare i februar i år, då han kom over i motsett køyrefelt og kolliderte med ein motgåande bil.

Mannen har forklart at han fekk eit hosteanfall og mista handsfreeapparatet ned på passasjersida. Han bøygde seg instinktivt ned for å plukke det opp. Dermed tok han auga vekk frå vegen og kom over i motsett køyrefelt.

Politiet har bede om at førarkortet vert kverrsett inntil saka kjem opp for retten. Retten har vurdert dette, og kome til at det ligg til grunn mistanke om aktlaus køyring, og at mannen burde handla annleis då han mista handsfreeapparatet.

Mannen treng førarkortet i arbeidet sitt, men retten meiner trafikktryggleiken veg tyngre. Politiet får difor behalde førarkortet i inntil 6 månader.