Og Høgre fekk med seg fleire i eit krav på å få tilbake rapporten på neste kommunestyremøte. Og då skal der klart gå fram kva økonomisk resultat ein no opererer med i kommunen.

Det var nemleg full forvirring om dette då kommunestyret handsama denne betente saka. Kvartalsrapporten vart slakta av nokre for å vere uklar og forvirrande, og rådmannen fekk pepar frå fleire over å framleis ikkje ha levert dei resultata som fleirtalskoalisjonen bad om gjennom budsjettvedtaket før jul.

Klare signal

Signala til rådmannen var klare frå gruppeleiar Per Are Sørheim:

– Høgre vil ikkje lenger sjå at omstillingar dreg ut og at det ikkje vert levert resultat. Vi kjem til å vere urokkelege på at budsjettet for 2013 skal haldast. Vi forventar tydelege handlingar frå administrasjonen når det gjeld tiltak for å få ned det skyhøge sjukefråværet. Vi forventar at nedbemanninga vert planlagt og gjennomført. Og vi forventar at dei omstillingssignal vi gav i budsjettet og i økonomiplanen vert prioriterte på topp og følgt opp.

Saknar

Sørheim sa han saknar ein tydeleg vilje til å følgje opp og lukke avvik i samsvar med dei politiske bestillingane.

– Ja, eg vil seie det så sterkt at det skjer lite i enkelte sektorar. Vi forventar at det vert gjort meir, og der det er leiarar som ikkje forstår eller vil forstå behova for endring, så må rådmannen sørgje for å ta nødvendig styring. Tida for å levere gode intensjonar er no over. No er tida komen for å levere resultat!

Partifelle Sven Castberg gjekk også ut med høg temperatur. Han var også oppteken av sjukefråveret som ligg rundt 10 prosent, noko som betyr at kring hundre kommunalt tilsette til ei kvar tid er sjukmelde.

– Trass i prosessar og tiltak er sjukefråveret like høgt som i fjor. Kva er verdien av desse prosjekta når dei ikkje gjev resultat? Er det dei rette folka som jobbar med å betre situasjonen? Når ein brukar så store ressursar internt med såkalla prosjekt så må det gje resultat. Noko er riv ruskande gale, sukka Castberg.

Moment

Inger Sundnes (H) peika på tre viktige moment i kvartalsrapporten.

– Ein må ha på plass periodiseringane, dette finn ein ikkje i rapporten. Han er difor mangelfull og usikker. Og så må vi ha med historia slik at vi får tal å samanlikne med.

Det tredje momentet er eit reelt budsjett. Å ta med det opphavlege budsjettet gjev ikkje meining.

Frp støttar

Hans Olav Myklebust (Frp) gjorde det klart at Frp støtta det meste av Høgre sin kritikk, ikkje minst når det gjeld gjennomføringa av dei omstillingstiltaka som er bestilt frå fleirtalskoalisjonen.

Varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF) konstaterte at kvartalsrapporten kan lesast på ulikt vis. Han meinte også det er grunn til bekymring og uro.

Gunnar Knutsen (V) minte om at kommunestyret før jul snakka om budsjettkontroll og disiplin.

– Dagens situasjon handler mykje om det. Ein må gjere døra inn til tenestene smalare, for ein kan ikkje ha same nivå på dei kommunale tenestene, meinte Knutsen.

Konklusjon

Stina Lødemel (SV) sakna i rapporten ei innleiing og ein konklusjon.

– Eit sjukefråvær på over ti prosent er urovekkjande. Det er jo budsjettert midlar for at ein skal kunne redusere sjukefråveret.

Orientering

Med 20 mot 13 røyster tek kommunestyret kvartalsrapporten til orientering med krev han tilbake på neste møte. Og då skal det tydeleg gå fram ei orientering om dagens økonomiske resultat.