Båtmotorar til millionverdiar vert kvart år stolne og frakta ut av landet. Mesteparten forsvinn til Aust-Europa etter godt planlagde og organiserte raid langs norskekysten.

– Vi ser at tjuveriraida går i bølgjer, og at det ofte er organisert. Frå 3 til 10 motorar kan med eitt forsvinne frå ei hamn, og nokre dagar seinare skjer det same i nærliggjande båthamner, seier Arne Voll, informasjonsansvarleg i Gjensidige.

Han oppfordrar derfor til å vere ekstra på vakt dersom det skjer tjuveri frå nærliggjande hamnar.

Store verdiar på avvege

Gjensidige merkar at sesongen for tjuveri av båtmotorar er godt i gang, og forventar at han tek seg opp, spesielt utover ettersommaren. Marinaer langs norskekysten har vore ”godtebutikkar” for organisert kriminalitet dei siste årene. Tal frå FNO viser at det i 2012 vart meldt 1.499 tjuveri av eller frå båtar med erstatningsutbetalingar på 70 millionar kroner.

Vestlandet

– I Møre og Romsdal har mange opplevd at påhengsmotorar og båtar har forsvunne dei siste åra. I fjor vart det meldt om fleire tjuveriraid langs vestlandskysten der motorar for fleire millionar kroner forsvann. April, mai og juni er ofte en god peikepinn på korleis resten av sommaren blir. Mengda tjuveri i 2012 var noko mindre enn i 2011, men vi forventar at det også i år vil forsvinne mange båtmotorar, seier Voll.

Dei siste tre åra har Gjensidige fått meldt 50 tjuveri av eller frå båtar i Møre og Romsdal med utbetalingar på nærmare 4 millionar kroner.

Attraktive motorar

Båtmotorar er lettare å få med seg enn båtar og det er store verdiar som vert stole. Alt frå små ”putremotorar” til motorar på fleire hundre hestekrefter blir stolne. Nye utanbordsmotorar på 50 HK er likevel dei mest populære blant tjuvane.

Langs kysten har det de siste årene vore fleire tjuveriraid av påhengsmotorar. Noen er funnet igjen i Norge, andre i utlandet og noen er borte for godt.

– Merka motorar og gjenvinningssystem gjer motorane mindre attraktive å stele, og ikkje minst mykje lettare å identifisere dersom dei vert funne att. Via eit godt kontaktnettverk har vi tidlegare funne gjen fleire parti med motorar i blant anna Polen, seier Arne Voll.