I eit brev til Rigmor Digernes Furseth seier dei at dei er samd med hennar vurdering der ho har oppmoda dei om å gå inn for vern av Digerneshuset.

– Difor har vi også i fylkeskommunen sin uttale til kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda oppmoda om at huset vert regulert til bevaring. Det er no opp til kommunen å vurdere åt a denne oppmodinga til følgje, skriv fylkeskonservator Bjørn Ringstad og bygningsantikvar Christ Allan Sylthe.

Urke

Det er også søkt fylket om riving av ei eldre stovebygning på Urke. Huset skal vere i dårleg stand med store setningar og skader i fundamenta. Alder er fastsett før 1827, kanskje også før. På grunn av alderen på huset bed fylkeskonservatoren om meir informasjon om tilstanden på huset før dei vil uttale seg i saka.

Mo

Eit hus i sveitserstil frå 1890-talet på Mo bed konservatoren om at vert vurdert istandsett og brukt som bustadhus, men seier at dei ikkje vil gå i mot riving grunna den dårlege tilstanden på huset.