Fredag ettermiddag vert fylkesveg 40 i Dalsfjorden opna igjen etter at han vart stengt like før jul. Ei vellukka «vassbombing» av lausmassar over vegen gjer at vegen no kan opnast.

20. desember vart fylkesveg 40 i Dalsfjorden stengd mellom Innselset og Åmelfoten grunna rasfare. Den fyrste meldinga frå vegvesenet var at vegen skulle vere stengt til over nyttår.

Men fredag prøvde Statens vegvesen å løyse ut trugande steinar og lausmassar med å pøse på med vatn som vart sleppt frå helikopter.

Vellukka

– Dette vart vellukka. Lausmassar stabiliserte seg, og ein stor stein som låg og truga vart slått laus av vatnet, og la seg trygt stabilt lenger nede i gylet, fortel Kjell Haukeberg i Statens vegvesen.

Det var altså fredag for ei veke sidan vegen vart stengt. Ein stor stein kom ned frå fjellsida, og la seg på vegen mellom Åmelfot og Innselset i Dalsfjorden. Ein fjellhammar hadde losna 6–700 meter oppe i fjellet, og mykje av denne låg att på ei bergflate oppe i fjellet. Det var overhengande fare for at desse massane vil losne, konkluderte geologar som var på staden.

Stor stein

Fredag vart det altså nytta helikopter til å vassbombe området for å få fjerna dei farlege steinblokkene. Forsøket var vellukka, og vegen vert opna fredag etermiddag.

– Men den store steinen som kom ned på vegbana, greier vi ikkje å fjerne før etter nyttår. Difor vert det eit innsnevra køyrefelt forbi denne steinen. Men vegen vert altså opna, forsikrar Haukeberg i vegvesenet.